...
Sogndal slit tungt mot Fredrikstad. Foto: Wantana Tierney.

Sogndal tapte første kamp på nytt gras

Fosshaugane: Fredrikstad slo Sogndal 1-3 på Fosshaugane fredag kveld. Les alt om kampen her.

Publisert 29.06.2012 kl 20:31 Oppdatert 29.06.2012 kl 22:52

Tips ein venn på e-post:

Ulrik Flo reduserte for Sogndal etter eit nesten einsidig press mot Jon Knudsen etter sidebyte. Så la Ole Jørgen Halvorsen på til 1-3 for gjestene. Dermed vart det tap for Sogndal i den første kampen på nytt kunstgras.

Du kan følgja kampen her.

Halvorsen fekk god tid til å sikta inn, og skrudde ballen inn i lengste hjørna bak Kenneth Udjus. Og han avgjorde dermed i realiteten kampen framfor vel 5000 tilskodarar.

Sogndal sin toppscorar Ulrik Flo reduserte til 1-2 då han nikka ballen i ein perfekt boge over keeper. Han forfølgde eit langt utspark frå Kennth Udjus.

Ørjan Hopen svei like før ein stor sjanse til utlikning. Med høgrefoten ! sette han ballen til side for mål frå seks-sju meter.

Så small ballen i tverrliggjaren og ned bak gjestene sin keeper.

Før pause sette Lund Tveter ballen i nettet etter litt att og fram inne i feltet etter corner og gav FFK 0-2.

Khalifa Jabbie sende gjestene i føringa på eit velplassert skot etter ei avklaring frå Hannu Patronen.

Han scora dermed det første målet på kunstgras på Fosshaugane. Det var heilt fortent at gjestene leia etter spel og sjansar.

Heimelaget sleit med å forstå korleis det skal spelast på eit så slett og fint underlag. Slo alt for mykje langt og høgt. Alt for mange feilpasningar.

Bra med folk på Fosshaugane i kveld, minst 4000 , og fine forhold.

Badji er, førebels uvisst av kva grunn, verken i startoppstillinga eller på benken.

Sogndal stiller slik: Kenneth Udjus, Eirk Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste - Malick Mane, Eirik Bakke, Henrik Furebotn, Per Egil Flo - Ulrik Flo og Tonny Brochmann Christensen.

Fredrikstad: Jon Knudsen - Andreas Langren, Vidar Martinsen, Jørgen Horn, Benjamin Dahl Hagen - Ole Jørgen Halvorsen, Hans Erik Ramberg, Simen Rafn, Khalifa Jabbie - Alexander Ruud Tveter, Tarik Elyounoussi.

Ordførar Jarle Aarvoll overrekte blomar til Sogndal Fotballs styreleiar Tor Arne Ness og gratulerte med nytt kustgrasdekke og det han kalla landets flottaste totalanlegg.

...
Jonas Olsson må klara seg utan Badji i dag.


På forsiden nå


...

Konkurrent overtek maskinene

Nyhende Det er ikkje igjen snev av håp om å berga spisskompetansen på marine himlingar. Les meir

...

Førebur seg til OL på Sognefjellet

Sport 22. mai gjekk startskotet for årets sommarskisesong. Les meir

...

La grunnsteinen i indrefileten

Nyhende – Eg har vore i ei røys tidlegare, sa Liv Signe Navarsete og la ned grunnsteinen på museumstomta dekka med grus og grov stein. Les meir

...

Spelar for britane i helga

Nyhende Med ei rykande fersk plate i bagasjen reiser sogningane til London. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.