...
DOBBEL-FLO: Ulrik Flo (23) scora to mot Aalesund, men var likevel skuffa etter kampen. Foto: Wantana Tierney

Scoringar med bismak

Ulrik Flo (23) var både glad og vonbroten etter at Sogndal spelte 2–2 på bortebane mot Aalesund søndag ettermiddag.

Endre Romøren E-post
Publisert 24.06.2012 kl 20:56 Oppdatert 24.06.2012 kl 21:12

Tips ein venn på e-post:

Glad for å ha scora to mål i eliteserien for første gong i karrieren, vonbroten over at sigeren rauk etter Daniel Arnefjord sin utlikning på overtid.

– Det var eit kraftig skjær i gleden, og gir ein bismak over dei to scoringane. Det er skuffande at me ryk på overtid, seier Flo til Sogn Avis etter kampslutt.

Letta

Flo sette inn 1–0 etter 27 minutt, då han fekk ein klarering frå heimelaget rett i beina og plasserte ballen i nettet via stolpen frå seks meter. Nummer to kom timen ut i kampen, etter ein stor enkeltmannsprestasjon av Malick Mane. Mane såg ut til å vera fanga nede ved hjørneflagget, men slo ein frekk tunnell, før han slo eit like frekt innlegg som Flo breisida i nettet på bakre stolpe.

To scoringar gjer godt for ein spiss som lenge har slite med å vera effektiv føre mål.

– Det gjer utruleg godt. Eg har stått igjen etter trening og terpa avslutningar sidan me byrja å trena i vinter, utan å få uttelling for det i kampane. Eg har vore frustrert, då eg ikkje har fått noko tilbake for det. Difor er dette utruleg viktig for meg, seier Flo til Sogn Avis.

Spissen var i tillegg nærme scoring nummer tre like etter 1–0 scoringa, men fekk skotet frå sju meter blokkert.

Sjansehav

Kampen var eit hav av sjansar, der laga til slutt produserte nærmare 50 avslutningar. Aalesund sto for 33 av desse, og hadde fleire farlege sjansar, særskilt ved Post, som mellom anna heada i stolpen på overtid av første omgang.

Estlendaren fekk utteljing fem minutt etter pause då han var først på eit innlegg frå Demar Phillips og breisida inn 1–1. Flo scora 1–2 mot spelets gang, før heimelaget igjen sette inn eit kraftig trykk utan at dei klarte å overlista Kenneth Udjus.

Men eitt minutt inn i tilleggstida kom utlikninga, då Arnefjord banka 2–2 i nettaket etter at Post vann ein duell inne i feltet.

– Bittert

– Det er bittert å ryka på overtid. Me er nære ved å gå opp i tomålsleiing to gonger, og då er det tungt å ryka på overtid, seier trenar Jonas Olsson til Sogn Avis.

Lagkaptein Henrik Furebotn sit igjen med dei same tankane:

– Det er jævli surt. Me fekk betre og betre kontroll utover i andre omgang, då me klarte å stenga av mellomrommet på midtbana. Eg hadde teke 2–2 før kampen, men det er surt når det skjer på ein slik måte, seier Furebotn til Sogn Avis.

Les meir om kampen i Sogn Avis måndag.



På forsiden nå


...

– Det rista i heile området

Nyhende Svein Kjos bur berre nokre meter frå storraset i Aurland. Les meir

...

Uroa over sommarstengt politi

Nyhende Lensmannskontoret i Luster vil halda stengt fire veker i fellesferien. Det likar ordførar Ivar Kvalen dårleg. Les meir

...

Slik skal idrettslaget rekruttera fleire

Sport Sogndal Idrettslag ønskjer å rekruttera fleire utøvarar, trenarar og leiarar. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.