Kaupanger skåra fire mål i siste kamp før fotballferien.
Kaupanger-damene vann 4–1 borte mot Loddefjord laurdag ettermiddag, i det som var siste kamp i vårsesongen.
Martine Wolff Nesse skåra på straffe i første omgang. I andre omgang hadde KIL full kontroll og Elisabet Nilsen og Henriette Helle (2) sikra ein komfortabel siger. Begge måltjuvane kom inn ut i andre omgang, og dei tre måla kom på tampen av kampen.
– Det er fullt fortent. Me hadde kontroll, men måtte skru opp nokre hakk i pausen. Loddefjord gjorde det litt vanskeleg for oss ved å liggja lågt, men det visste me på førehand. Det var alt i alt ei grei gjennomføring, seier trenar Marius Bøe om kampen.
Tidlegare i veka spelte Kaupanger uavgjort 2-2 heime mot Førde, og Kaupanger-trenaren meiner det var viktig for å få med seg tre poeng mot Loddefjord.
– Det var ein slitekamp. Det har vore ein lang vårsesong med hard oppkøyring, og spelarane er litt slitne i beina og hovudet, seier Bøe.
No er det pause til 12. august og Kaupanger er blant topplaga i 2.divisjon.
– Spelarane har trent utruleg hardt og godt. Dei har reist mykje, og det har vore eksamensperiode, så ferien er vel fortent. Me er i rute og er godt nøgde med vårsesongen, seier Bøe.