...
TØFF BATALJE: Åse Neraas og Kaupanger greidde ikkje halda i mot Førde onsdag kveld. Kampen enda 2-2.

Thrilleravslutning for KIL-damene

Hendingsrik 2. omgang då Kaupanger og Førde møttest til dyst. Sjå biletserie

Keth Øren E-post
Publisert 20.06.2012 kl 22:10 Oppdatert 21.06.2012 kl 12:38

Tips ein venn på e-post:

1. omgang var ikkje mykje å skryta av, men siste del av 2. omgang vart spennande og målrik.

2-2 stod det då dommaren bles av kampen, etter at Kaupanger leia to gonger på heimebane mot Førde onsdag kveld.

– Me er ikkje gode nok i dag til å ta tre poeng. Førde kom på dei overgangane dei fekk, eller me gav dei. Me var ikkje nøyaktige nok, seier Kaupanger-trenar Marius Bøe.

Få sjansar

Til pause stod det 0-0, etter ein omgang med lite presisjon i spelet og få målsjansar. Utover 2. omgang fekk Kaupanger betre kontroll, og Åse Neraas fekk pannebrasken på eit innlegg som den ellers gode Førde-keeperen feilberekna. Dermed stod det 1-0 etter 62 minutt.

Men Førde har ein giftig måltjuv i Linda Saltskår. Ho sende i veg eit skot som gjekk i mål i det 80. minutt, og til då hadde ikkje Førde ikkje vore særleg kvasse framfor mål.

Keeperen til gjestene, Anette Saltskår, stod godt og varta mellom anna opp med ei feberredning då Neraas tidlegare i kampen kom åleine mot keeper.

– Me er ikkje betre i dag, og Førde er gode som klarer eitt poeng mot oss. Me hadde sjansar til å skåra meir, men dei har ein glimrande keeper, og ho redda dei i dag, seier Bøe.

Hendingsrikt

Etter utlikninga til Førde skjedde det mykje. Vårin Ness blei felt like innafor 16-meter streken og dommaren peika på straffemerket. Straffeeksekutør Åse Neraas sende ballen høgt over mål.

Kaupanger har effektive Henriette Helle. Ho har slitt med influensa, men kom inn mot slutten av kampen. Ho braut seg fri frå Førde-forsvaret på eit gjennomspel og sende ballen forbi Saltskår fem minutt før fulltid. Kaupanger jubla vilt for skåringa som såg ut til å sikra grøntrøyene tre poeng. Men måltjuv Linda Saltskår var frampå att i det 90. minutt og lempa ballen over Guro Øydvin i Kaupanger-buret.

– Eg føler at dei måla kom ut av ingenting. Men me visste på førehand at Saltskår er ein måltjuv, seier Bøe.

Alt i alt tykkjer han Førde fortente det eine poenget i dag, sidan Kaupanger ikkje var gode nok til å dra i land sigeren.

– Me har mykje ball i første omgang, men er upresise. Det er litt betring i andre omgang, men det er likevel ikkje ein god prestasjon, seier Bøe.

Kaupanger skal no møta Loddefjord borte på laurdag før dei tek fotballferie.

Kaupanger - Førde 2–2 (0–0)

2. divisjon damer, Kvernhushaugen

Mål:

1–0 Åse Neraas (62. min), 1–1 Linda Saltskår (80. min), 2–1 Henriette Helle (86.min), 2–2 Linda Saltskår (90. min)

Dommar: Sindre Myrvang, Sogndal

Startoppstiling Kaupanger: Guro Øydvin, Stine Hovland, Hanne Wold, Josefine Sannebro, Aina Røyrvik, Martine Wolf Nesse, Åse Neraas, Marthe Botten, Synne Sofie Christiansen, Elisabet O. Nilsen, Vårin Ness. Innbytarar Ida Dalaker, Henriette Helle og Åshild Hereid Haugen.

Førde: Anette Saltskår, Marte Holsen Kyte, Silje Kopke de Fonseca, Sara Soroya Eriksen, Kristine Høyvik Hilde, Andrine Helgås, Siri-Maria Angelica Sættem, Annelin Frøysland, Kristina Knutson, Eirin Hegrenes, Linda Saltskår. Innbytarar Henriette Jagedal, Camilla Ulvik Stenseth, Silvia Kapstad.

Kaupanger-Førde

...

Kaupanger tok i mot Førde på heimebane 20. juni. Sjå bilete frå kampen.

Sjå bilete


På forsiden nå


...

Overraskande funn

Nyhende Den arkeo-logiske utgravinga i Fosshagen i Sogndal avdekkjer spor etter dei første fastbuande i Sogndal. Les meir

...

Laga bråk på dansegalla

Nyhende Mann i 20-åra sett i arresten. Les meir

...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.