...
SUPERKJERINGAR: Jonny Øvrebø og Bertine Thorsnes Lefdal. Foto: Håvard Nesbø

Årets Superkjeringar

Jonny Øvrebø og Bertine Thorsnes Lefdal er årets Superkjeringar.

Publisert 14.04.2012 kl 14:20 Oppdatert 14.04.2012 kl 18:16

Tips ein venn på e-post:

Den tjuande utgåva av Kjeringi Open fekk ikkje det heilt beste veret, men frå toppen av Kjeringi til Hanahaug ved Sognefjorden var det Jonny Øvrebø(40) frå Høyheimsvik i Luster som var raskast Superkjering i herreklassen.

– Eg har vore med ti gonger før, men aldri vunne før. Dette var litt overraskande, men veldig kjekt, sa Øvrebø etter målpassering. Han kom inn på tida 53 blank. Hakk i hæl kom ein annan lustring, 18 år gamle Jacob Meløy, han hadde tida 53,42.

Og damene frå Luster ville ikkje vere noko dårlegare. Debutanten Bertine Thorsnes (16) Lefdal tok sigeren i dameklassen.

Langrennsjenta frå Gaupne gjorde det knallsterkt på langrennsetappen. Totaltida til Bertine vart 56,20.

– Telemark har eg køyrt berre ein gong før i år, men det gjekk forbausande bra det også, sa ei hoppande glad og veldig ung Superkjering.

Og lustringane gjorde verkeleg storeslem i årets Kjeringi. Team Luster vart første lag som passerte målstreken.

I forkant av løpet var det påmeld over 600 deltakarar, 121 lag og 184 Superkjeringar. Det er ei auke på nesten hundre frå i fjor.

...
ENDELEG: Etter ti forsøk vart Jonny Øvrebø vinnar av herreklassen. Foto: Håvard Nesbø
...
UNG: Bertine Thorsnes Lefdal vart Superkjering i debuten. Foto: Håvard Nesbø
...
STORESLEM: Det vart Luster sin dag med siger i både herre og dameklassen. Nøgde vinnarar Bertine Thorsnes Lefdal og Jonny Øvrebø. Foto: Håvard Nesbø

Kjeringi Open 2012

...

Sjå foto frå folkelivet og årets konkurranse!

Sjå bilete


På forsiden nå


...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

...

Nytt tap for Vik

Sport Jarle Christensens menn gjekk på sesongens femte tap borte mot Varegg i ettermiddag. Les meir

...

Stengd etter ras  

Nyhende Offerdalsvegen et stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida i ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.