...
Sterk innsats av Asbjørn Wold på Lillehammer i dag. (arkiv)

Norgesmeister i stafett

Ein liten endring i planane fekk store konsekvensar for Asbjørn Wold under mixed staffetten på Lillehammer søndag.

Hanne Stedje E-post
Publisert 27.01.2012 kl 21:01 Oppdatert 29.01.2012 kl 12:09

Tips ein venn på e-post:


Han skulle eigentleg gå mixed stafet i juniorklassensaman med Erling Aalvik og Hilde Fenne frå Hordaland, men ettersom sistnemde måtte melde avbod og vart erstatta av Jori Mørkve, stilte laget til start i seniorklassen i staden.

Wold frå Vik gjekk andre etappen, og la ut i sporet som nummer 5, knappe 50 sekund etter teten. Då han veksla til siste etappe, låg laget på tredjeplass berre 19,6 sekund bak.

- Det er nok i sporet eg har gjort det meste i dag, og har gått jamnt med alle dei andre. I tillegg var det vel eigentleg knallskyting med null bom, oppsummerer den nybakte norgesmeisteren, og legg til at han hadde litt kluss med ladinga på ståande skyting, noko som første til at han måtte bruka ekstraskot.
- Eg mista eit skot, rett og slett, og tapte ein del sekund på den tabben der, men greidde heldigvis å henta det inn att, seier Asbjørn.

På sprintdistansen laurdag gjorde Asbjørn Wold frå Vik seg nok ein gong bemerka med både god skyting og god fart. Han kom også i dag inn til ein sjetteplass md tida 30.01, ein lite minutt bak vinnaren.

Feilfri skyting

Denne gongen skaut han to feilfrie rundar, men måtte tola ein bom på siste skyting.
- Han er med i toppen, men mangla den siste fullklaffen som må til for å stå på toppen av pallen, seier pappa og lagleiar Svein Inge.
- Den plassen er det mange som kjempar om, slår han fast.

Fredag kom 21-åringen i mål på ein sterk sjetteplass etter fellesstarten på 7,5 kilometer med tida 41.13, snaue 48 sekund etter vinnaren.

God søknad
Etter feilfri første skyting, gjekk Wold på heile 3 bom på neste, men henta seg innatt med ein bom på kvar av dei to siste skytingane.
Dette tyder mest truleg at Wold kan ha lagt inn ein god søknad om å få bli med i troppen til junior-VM i Kontiolahti seinare i vinter.

- Det var eit bra gjennomført løp, men Asbjørn var skuffa over tre bom på andre liggjande, noko som øydelagde for ein NM-medalje, seier pappa og lagleiar Svein Inge til Sogn Avis.
- Farten i sporet var heilt i norgestoppen og resultatet viser at han har stabilisert seg blant dei beste juniorane i landet, meiner han.

I klassen for jenter 17 år kom Eirinn Teigen Kvåle inn på ein femteplass med tida 31.23 - 1,15 etter vinnaren. Kvåle skaut to bom på første skyting, ein bom på kvar av dei neste, og avslutta med to bom på siste skyting.
På sprinten laurdag gjekk Eirinn inn til ein tiandeplass med tida 23.11 - 2,06 etter vinnaren.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.