Felles frukostsamling og nytt kosthaldsregime vert ein viktig del av Sogndal sin jakt på poeng i årets sesong.
– Me møtest til frukost klokka åtte i morgon, det er obligatorisk, sa trenar Jonas Olsson (41) til Sogndal-spelarane då årets første treningsøkt var ferdig onsdag ettermiddag.
Spelarane må møta til frukost klokka åtte om morgonen før treninga tek til, og får sjølve ansvaret for å kjøpa inn dei nødvendige matvarene.
– Det er viktig for eliteutøvarar å ha eit riktig kosthald. Ein bil går ikkje utan bensin, og i tillegg vert dette ein sosial ting som vil samla laget, seier Olsson til Sogn Avis om opplegget.
Samanliknar med langrenn
Svensken køyrde same opplegg i IFK Gøteborg, og vil at Sogndal-spelarane skal ha sunne matvanar døgnet rundt.
Olsson ser gjerne at fotballmiljøet adopterer den haldninga til mat som mellom anna finst i langrennsmiljøet.
– Det skal ikkje vera nokon skilnad på om ein er fotballspelar eller skiløpar når det kjem til kosthald. Mat er viktig for å prestera, seier 41-åringen.
– Mykje å læra
Sogndal-kaptein Eirik Bakke (34) ser positivt på det nye kosthaldsregimet til den svenske trenaren.
– Fotballspelarar har mykje å læra på dette med kosthald. Fleire av oss sluntrar nok litt unna på dette området, difor er det flott at me får eit spark bak og lærer å eta skikkeleg. Å vera god på dette kan gje spelarane fem-ti prosent ekstra ute på bana, seier Bakke.
I tillegg til frukosten vil spelarane få servert varm lunsj mellom treningsøktene på dei dagane laget har to treningar.
Les meir om Sogndal Fotball i Sogn Avis torsdag.
Nye kommentarar