...
FERDIG: Barry Kader (25) får ikkje fornya kontrakten med Sogndal, og er ferdig i klubben etter årets sesong. Foto: Wantana Tierney

Kader ferdig i Sogndal

Barry Kader (25) får ikkje fornya kontrakten sin med Sogndal Fotball og er dermed ferdig i klubben etter sesongen.

Endre Romøren E-post
Publisert 14.09.2011 kl 00:36 Oppdatert 14.09.2011 kl 00:36

Tips ein venn på e-post:

– Me fornyar ikkje med Barry. Han har vore her i fleire år og levert bra, men har samstundes vore veldig ujamn. No har me henta inn fleire spelarar som kan spela i han sin posisjon, og vil gje dei sjansen, seier sportsleg leiar i klubben, Trond Fylling til Sogn Avis.

Usikker framtid

Kader sjølv veit ikkje kva framtida vil bringa etter sesongen.

– Eg må snakka med agenten min om å finna meg ein klubb. Om det blir her i Noreg eller i utlandet veit eg ikkje, seier ivorianaren, som var aktuell for eit prøvespel hos den franske eliteserieklubben Nice i sommar, utan at det vart noko av.

25-åringen kom til Sogndal i 2006, og har hatt ei berg- og dalbane karriere i saftbygda. I mai 2009 stakk han på prøvespel i Frankrike utan løyve frå klubben, og vart løyst frå kontrakten nokre månader seinare.

Men sesongen etter vart han henta attende av Fylling og kompani, og var ein viktig bidragsytar til at dei kvitkledde gjekk til topps i 1. divisjon og sikra opprykk til eliteserien. I år har han vore meir ustabil, og er no ute av laget etter ein periode plaga av skadar.

Tungt år

Dermed vert eit tungt år tyngre for Kader. I vinter vart han råka av dødsfall i nær familie, på same tid som heimlandet Elfenbeinskysten blei herja av borgarkrig.

Kader har kone og born heime i Afrika, men har ikkje sett desse på ni månader.

– Det har vore ei vanskeleg tid for meg. Eg prøvde å få familien min hit til Noreg, men det gjekk ikkje. No er det lenge sidan eg har sett dei, og me held berre kontakten via telefon, fortel han.

Bendik neste?

Også andrekeeper Joe Bendik (22) sine dagar i klubben kan vera over. Amerikanaren er lei av å vera andreval bak Kenneth Udjus (28), og vurderer dermed å flytta på seg.

Både Bendik og Udjus har utgåande kontraktar, der sistnemnde er i sluttforhandlingar om sin. Blir Udjus verande reiser truleg Bendik.

– Det blir vanskeleg for meg å bli verande viss Kenneth skriv ny kontrakt. Eg er 22 år, og bør spela fast på dette stadiet i karrieren min, seier Bendik, som då vurderer å prøva lukka i den amerikanske proffligaen Major League Soccer (MLS).

Totalt ti spelarar i Sogndal-stallen har kontraktar som går ut etter sesongen. Les oppdatert status rundt desse og meir stoff om Sogndal Fotball i dagens papirutgåve av Sogn Avis.



På forsiden nå


...

Øydelegg strandsona

Nyhende Dagcruisetrafikken i Nærøyfjorden kan vera i ferd med å øydeleggja strandsona fleire stader. Les meir

...

Frustrerte og forvirra

Nyhende Førsteklassingane på medielinja i Sogndal veit ikkje kor vegen går tredje året. Les meir

...

Storstila avslutning på sesongen

Sport 16. mai var langrennsski og gevær bytt ut med finsko og blomster for skiskyttarane i Vik, som hadde ei storstila avslutning på sesongen. Les meir

...

– Nynorsk er viktig for integreringa

Nyhende Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikera å få berre bokmålsopplæring når dei skal læra seg norsk. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.