Det seier beste sogning i mål på årets Jotunheimen Rundt der 108 deltakarar braut.
Første sogning i mål på årets Jotunheimen Rundt vart klokka inn på tida 14.27.32.
– Eg pleier å fullføra på kortare tid, men med forholda er eg veldig nøgd med tida mi, seier Erik Stedje.
Vêret må ta sin del av skulda.
– Det regna kraftig frå Lærdal til Lom, då vert kulden eit stort problem, fortel Stedje.
Les også: Førdianar vann suverent
Kulde og og regn var ikkje nok til å fjerna motivasjonen på fjellet.
– Ein må vera positiv, og ta ein bakke om gongen. Eg tenkte mykje på sol, sommar og gamle sykkelturar, seier Stedje.
108 braut
Av dei totalt 361 påmelde var det heile 108 som valde å ikkje gjennomføra.
– Utfordringa når det er så kaldt er at du ikkje kan sleppa styret for å få i deg mat og drikke. Utan næring vert det game over på slike ritt, seier han.
Meir samhald
Tøft vêr gjorde også at det vart mindre konkurranse ryttarane imellom.
– I slike forhold støttar me kvarandre i staden for å konkurrera, seier han.
Nye kommentarar