Best av rundt 70 deltakarar i konkurranseklassen. Debutant tok sigeren i dameklassen.
Rune Opem frå Hafslo var først i mål i Esefjorden Rundt. Han vann også i 2009, og vart i fjor nummer 3.
Hilde Åsheim frå Osterøy vann dameklassen. Det var første gong den aktive langdistanseløparen deltok i løpet.
Rammene rundt Esefjorden Rundt 2011 kunne ikkje vore betre. Sol frå skyfri himmel, god temperatur og eit yrande folkeliv både langs vegen og i Balestrand sentrum.
Nye kommentarar