...
MÅLMASKIN: Hege Bakken Wahlquist scora 12 mål då Jotun slo Førde 45?23 i 3. runde av NM-cupen onsdag. Foto: Wantana Tierney

Jotun vidare i cupen

Slo Førde 45–23 i 3. runde av NM-cupen og er klare for 1/8-finale.

Endre Romøren E-post
Publisert 08.09.2010 kl 21:50 Oppdatert 08.09.2010 kl 21:55

Tips ein venn på e-post:

Kampfakta:

  • Førde - Jotun 23–45 (9–20)
  • Jotun: Zsofi Sikey, Mari Målsnes, Katalin Zamolyi (2), Yvonne Aukan, Heida Arsenault (9), Mari Kornberg (2), Lene Kvam (4), Marie Kvanli (1), Vita Mukhina (11), Hege Bakken Wahlquist (12), Marianne Stedje Øren (4)

– Eg er nøgd med det offensive då det er bra å scora 45 mål, medan det er for mykje å sleppa inn 23 bakover, oppsummerer trenar Øyvind Indrebø etter kampen, som vart spelt i Naustdal.

Tok kommandoen

Jotun tok kommandoen frå start, og leia 10–1 etter 10 minutt. Førde heva seg dei siste 20 minuttane av omgangen, der pauseresultatet vart 20–9.

Etter kvilen heldt oppgjeret fram i same sporet, der Jotun scora to for kvar gong Førde scora eitt. Vita Mukhina og Hege Bakken Wahlquist var toneangivande for grøntrøyene, og noterte seg for henhaldsvis 11 og 12 scoringar kvar.

Trekning torsdag

– Kampen vart prega av at me fekk 10–1 sopass tidleg. Me datt litt nedpå etter dette, og hadde ikkje den nødvendige intensiteten i forsvarsspelet vårt, seier Indrebø.

Trekning av 1/8-finalane vert gjort klokka 12.00 torsdag, der trenaren håpar på heimekamp mot ein av divisjonskollegaene Gjerpen eller Bjørnar.

– Det hadde vore artig å møta ei av desse, seier han.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.