...
SIGER: Sogndal 2 slo Høyang 3-0 på heimebane måndag.

Grei skuring for Sogndal 2

Hadde få problem med å slå Høyang 3–0 på Fosshaugane Campus måndag kveld.

Endre Romøren E-post
Publisert 06.09.2010 kl 21:23 Oppdatert 06.09.2010 kl 21:26

Tips ein venn på e-post:


Daniel Lubieniecki sine menn tok leiinga etter 12 minutt, då nykomlingen John Jonasdal scora på returen frå eit stolpeskot frå Vegar Gjermundstad.

Høyang-sjanse

Høyang fekk sjansen til å utlikna i kampen sitt 21. minutt, då Joe Bendik plukka opp eit tilbakespel frå Mats Solheim med nevane. Dette resulterte i frispark frå fem meter, som Thomas Frichsen bles høgt over mål.

Nokre minuttar før pause var Jonasdal i fokus igjen, denne gongen som tilretteleggjar. Midtbanespelaren kom seg fri på venstresida og slo inn til Sogndal 2 sin andre nykomling, Marius Torset, som enkelt sette ballen i nettet frå eit par meter.

Transportetappe

Andre omgang vart ein transportetappe, der Høyang gjekk tomme medan heimelaget hadde god kontroll på det meste.

Kampen sin tredje scoring kom etter 67 minutt, på vakkert vis. Sekou Sheriff hælsparka Bjørnar Hove fri på venstresida, Hove sendte Høyang-backen i pølseboden med ei elegant skotfinte, før han banka ballen ned til venstre for keeper med venstrefoten til 3–0.

På overtid fekk Sogndal 2 straffespark, men Joakim Rudolfsen sette skotet frå 11 meter over mål.

Klatra

Sogndal 2 klatra til åttandeplass på tabellen med sigeren, og har no berre fem poeng opp til Florø på sjetteplass med fem serierundar igjen å spela.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.