...
NY ALDERSREKOERD: Sander Sekkingstad Terum (17) sette ny alderrekord i fylket og sprang inn til sølv på 2000 meter hinder under UM i dag. (Foto: Olav Terum)

Kjempeløp av Sander

Sølv og ny aldersrekord på 2000 meter hinder under UM i Molde.

Publisert 04.09.2010 kl 17:28 Oppdatert 04.09.2010 kl 19:18

Tips ein venn på e-post:


– I dag gjekk det veldig lett, seier 17-åringen frå Aurland rett etter målpassering.

Sander Sekkingstad Terum leverte eit knalløp frå start til mål. Han låg fint plassert på andreplass gjennom storparten av løpet.

– Etter tre rundar drog han som leia i frå, og det vart ei luke både framover og bakover, seier Sander. Mot slutten vart han pressa og forbisprungen, men tok att det tapte på dei siste 200 metrane og sikra seg sølvet.

Her er den nye personlege rekorden, og den nye aldersrekorden i fylket: 6.08.06.

Andre resultat

I klasse 15 år, strekte Martin Hollevik frå Jotun seg til 5,69 i lengdegropa. Det heldt til femteplass.

På 2000 meter hinder i klasse 18/19 år blei det åttandeplass på Dag Einar Bøtun frå Vik med tida 6.39.88. Sigbjørn Bøtun, Vik, kom på plassen bak med 6.41.84.

I same årsklassen vart Ole Petter Loftesnes, Syril, nummer fire og sist i finalefeltet på 400 meter kekk. Han fekk tida 58.99.

Øystein Øyre, Syril, kasta spydet 43.46 meter og enda på tiande plass.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.