Årdal FK tapte 1 - 4 mot Tornado Måløy.
Med siger hadde årdølene vore berre to poeng bak serieleiaren frå Måløy. Slik gjekk det ikkje. Etter tapet på heimebane i ettermiddag er det heile åtte poeng opp.
– Tornado vinn fortent, det er ingenting å skjula. Me er ikkje oppe på deira nivå, sjølv om me burde ha scora eit par mål til. No er løpet køyrt, seier ein skuffa Årdak FK-trenar, Nils Tore Krosshaug, etter kampen.
Vik vann
Vik har heng i kampen om den viktige sjetteplassen som sikrar fornya kontrakt etter 1 - 0 heime mot Florø. Robert Hovland skora målet for vikjene.
Nye kommentarar