Tapte for svaktplasserte Jølster.
Fjøra tapte i kveld 1- 2 for Jølster på bortebane.
Heimelaget tok leiinga etter ti minuttars spel med hjelp frå gjestene. Eit innlegg gjekk i mål via ein uheldig Roger Hjellaug.
Jølster auka leiinga etter 63 minuttar, då eit innlegg hamna på hovudet til Ole Martin Eide.
På overtid reduserte Kai Henry Haugen for gjestene.
Med tapet kan Fjøra tapa terreng i kampen om den viktige sjetteplassen som gir ny kontrakt i divisjonen når rekneskapen skal gjerasst opp til hausten.
Fjøra stillte med følgjande lag: Leif Lysne, Roger Hjellhaug, Torbjørn Ylvisåker, Ole Marius Solberg, Jørn Kvalsvik, Ole Morten Kvam, Andreas Fardal, Johan Elverum Salveson, Magnus Haunemo (Sebastian Ørehagen frå 57.min), Ola Ødegaard (Kenneth Nondal frå 67.min), Arild Underdal (Kai Henry haugen frå 67.min).
Du kan lesa livereferat frå kampen her.