Under første dag av UM i Molde.
Sander Sekkingstad Terum (17) sette personleg rekord med seks sekundar på 3000 meter då han sprang inn til tilda 9.00.5 under UM på Molde stadion i ettermiddag.
Tida heldt til ein femteplass i det sterke selskapetet. Stortalentet frå Aurland låg lenge på bronseplass, men mot slutten var beina tunge, og han måtte sjå to personar passera seg på dei to siste rundane.
Fleire i aksjon
Sogn hadde tre andre utøvarar i aksjon i dag.
Ole Petter Loftesnes, Syril, vart nummer fem og var sist i finalefeltet på 110 meter hekk i klasse 18/19 år. Han fekk tida 16.75.
I same årsklassen sprang brørne Dag Einar og Sigbjørn Bøtun frå Vik 3000 meter. Dei vart høvesvis nummer 18 og 19.
Nye kommentarar