...
MOLDE-AKTUELL: Sogndal-stoppar Even Hovland. Foto: Arkiv

Sogndal stadfestar: – Ingen overgang

Det vert ikkje noko av Even Hovland sin overgang til Molde i denne omgang.

Publisert 31.08.2010 kl 10:33 Oppdatert 31.08.2010 kl 11:40

Tips ein venn på e-post:


Det stadfestar Sogndal Fotball sin nettstad tysdag.

– Økonomien, samt den sportslege situasjonen i dei to klubbane med Sogndal på topp i 1. divisjon og Molde med trenarbyte og botnstrid i eliteserien, gjer at konklusjonen vert at Even Hovland spelar for Sogndal i alle fall resten av sesongen, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

– Profesjonell type

Hovudpersonen sjølv møter til U21-landslagssamling i Ålesund tysdag og er klar for å bidra til at Sogndal tek steget opp i eliteserien.

–Even er ein profesjonell type og har ingen problem med å akseptere at det ikkje vert noko av overgangen. Even var innstilt på eit miljøskifte no, men både han og me må vere realistiske, seier Fylling.

– Ingen problem

Hovland ønskjer ikkje å laga problem av at draumen om spel i eliteserien førebels har gått i vasken.

– Sjølvsagt var det interessant å gå til ein klubb i eliteserien dersom eg fekk sjansen, men det skjedde ikkje og slik er fotballen av og til, seier 21-åringen.

– Eg lagar ikkje noko problem ut av dette, eg er innstilt på å gjera ein god jobb for Sogndal ut sesongen og håpar å hjelpa klubben til opprykk, legg midtstopparen frå Vadheim til.

Hovland har kontrakt med Sogndal ut 2012-sesongen.

For lite

Sogndal fekk eit bod frå Molde på Hovland fredag, og valde å takka nei til dette måndag. Det er likevel ikkje berre storleiken på bodet som gjorde at Fylling og kompani valde å takka nei.

– Etter litt fram og tilbake konkluderte me med at med tanke på situasjonen som oppstod i Molde og vår situasjon er det best at me let den saka liggja no, seier Fylling.

På kvalik

Molde ligg per no på kvalikplassen i eliteserien, og står i fare for å rykkja ned til 1. divisjon. Sjansen for at dei to klubbane kan byta plass i divisjonssystemet har og spelt inn, ifølgje Fylling.

– Eg trur nok Molde klarar seg, men det er ikkje så lenge sidan Fredrikstad fekk ny trenar, kjøpte to-tre spelarar, brukte mange millionar og rykte rett ned. Alt kan skje i fotball, og sidan det er så vanskeleg å spå gjer at me i denne omgang vel at Even står i Sogndal og hjelper oss opp ein divisjon, seier han til NRK Sogn og Fjordane.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.