...
SCORA TRE: Mats Solheim noterte seg for hattrick då Sogndal 2 slo Vik 5?2 måndag.

Solheim-hattrick senka Vik

Mats Solheim var i scoringsform då Sogndal 2 slo Vik 5–2 på heimebane måndag kveld.

Endre Romøren E-post
Publisert 30.08.2010 kl 21:21 Oppdatert 30.08.2010 kl 21:23

Tips ein venn på e-post:


Solheim scora sitt første etter ni minutt av oppgjeret, då han heada eit frispark frå Ørjan Hopen i mål til 1–0.

Tommy Øren fiksa 2–0 etter 25 minutt då ein lang ball frå Vegar Gjermundstad gjekk over alle, slik at årdølen elegant kunne lobba ballen over Vik sin polske sisteskanse Piotr Cupryn.

Giftig kombinasjon

Kombinasjonen Hopen-Solheim var vanskeleg å stoppa for Vik, noko som raskt viste seg igjen. Like etter Øren-scoringa heada Solheim ein corner frå Hopen i nettet til 3–0, før han gjorde nøyaktig det same sju minutt seinare til 4–0.

Vik reduserte på straffespark ved Marius Valsvik etter 35 minutt, medan Øren scora sitt andre for dagen like før pause etter førearbeid av Olav Fretland.

Jamt etter pause

Bortelaget heva seg etter pause, og spelte jamt med Sogndal sitt andrelag som besto av seks spelarar frå a-stallen.

Omgangen sin einaste scoring kom frå Øystein Myrkaskog, som reduserte til 5–2 då han klinka ballen nede ved høgre stolperot etter 66 minutt.

– Skal ikkje gå an

Vik-trenar Stig Roar Hovland er frustrert over måten laget hans slapp inn baklengsmål på.

– Det skal ikkje gå an å sleppa inn tre dødballmål på ein omgang. Me skal vera store og sterke, og plar vera gode på den delen av spelet. Me hang bra med før pause og, men det er ikkje hjelp i når me slepp inn slike mål, seier Hovland.

– Men eg er stolt over at spelarane sto opp etter pause, og ikkje gav opp trass i at dei var under med fire mål. Då presterte me slik me skal, og det må me ta med oss vidare.

Langt opp

Dermed har Vik heile ni poeng opp til Florø på 6. plass når seks rundar av 3. divisjon gjenstår.

– Me møter Florø komande helg, som vert ein heilt avgjerande kamp med tanke på å unngå nedrykk. Vinn me den har me ein sjanse, tapar me er nok det meste køyrd, seier Hovland.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.