I helga vart siste runde i Norgescupen i skyting avvikla, med tre stemne i Romsdal.
I løpet av sommaren er det ni stemne – fordelt på tre helgar – som tel i cupen. I kvar stemne får dei 50 beste skyttarane nc-poeng. Alt i alt deltek fleire hundre skyttarar på stemna.
Av sogningane gjorde Vegard Solhaug frå Aurland og Marianne Stigen frå Leikanger det best. Vegard med nc-poeng på alle tre stemna og Marianne med poeng på to av dei.
Vegard var svært jamn, med 344 både i Molde og på Fræna og 343 på Kleive. Marianne skaut toppresultata 346 på Kleive og 345 på Fræna, men måtte ta til takke med 336 i Molde.
Dei andre sogneskyttarane låg på lågare poengsummar, men Svein Kåre Furre frå Leikanger hadde 342 på Kleive og Lars Hallvard Ese frå Balestrand 341 i Molde.
Samanlagt for heile sesongen kom Vegard på ein flott 22. plass, og Marianne vart nummer 43 samanlagt. Beste skyttar frå fylket vart Ole Arild Aa frå Hyen med ein 13. plass.