Molde la inn bud på Even Hovland (21) idag, men fekk nei frå Sogndal.
– Me fekk eit bod frå Molde på Even, men har takka nei då det var for dårleg, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling.
– Kva skjer no?
– Det er opp til Molde. Me forheld oss til det bodet me har fått, og har ikkje noko hastverk med å selga Even, seier Fylling.
Overraska
Fylling seier at han vart noko overraska då bodet frå Molde tikka inn på Fosshaugane Campus i morgontimane måndag.
– Markedet er trangt for tida, der få klubbar har pengar å rutta med. Difor hadde me ikkje rekna med at det skulle koma noko bod, seier den sportslege leiaren.
– Men Hovland er til sals viss prisen er rett?
Alle spelarane våre er i utgangspunktet til sals, om prisen er rett. På den andre sida ønskjer me i utgangspunktet å behalda alle spelarane våre, men i fotballen er det av og til slik at ting endrar seg. Totalen er viktig i denne saken, og me må og ta ein runde med Even og finna ut kva han ønskjer.
– Kva er Hovland sin prislapp?
– Det ønskjer me ikkje å gå ut med.
– Heilt feil
Meldinga om interessa frå Molde kom like etter at det vart klart at Kjell Jonevret fekk sparken som trenar, og vert erstatta av Uwe Rosler ut sesongen.
– Hovland har vore ønska hos dei blåkvite i lengre tid, og allereie i fjor haust prøvde Molde å henta midtstopparen. Dei lukkast ikkje då, men no skal klubbane vera einige om ein overgang, skriv Romsdal Budstikke si nettavis.
– Det er heilt feil at me er einige, seier Fylling.
– Dette har eg ingen kommentar til no, seier Even Hovland i ein kort kommentar til Sogn Avis.
Sogn Avis følgjer saken.
Nye kommentarar