...
RAUDT KORT: Even Hovland fekk raudt kort i kampens siste minutt då Sogndal og Bryne spelte 2?2 onsdag. Foto: Wantana Tierney

Mista sigeren og såg raudt

Even Hovland hadde ein tung dag då Sogndal og Bryne spelte 2–2 onsdag.

Endre Romøren E-post
Publisert 25.08.2010 kl 20:54 Oppdatert 25.08.2010 kl 21:28

Tips ein venn på e-post:


Marerittet til Hovland byrja etter 31 minutt, berre tre minutt etter at han hadde stanga inn 2–0 på ein corner frå Per Egil Flo. Midtstopparen laga straffespark i duell med Ezekiel Bala, og Aleksander Midsian sette sikkert inn 2–1 frå kritmerket.

Bomma

Berre to minutt etterpå slo Bryne ein ufarleg ball framover sentralt i bana, der Hovland såg ut til å ha full kontroll. Men 21-åringen skaut i lufta og bomma regelrett på ballen, slik at Mads Cato Moldskred fekk springa rett i gjennom og setta inn 2–2 frå 18 meter.

– Eg var borti Bryne-spelaren då det vart straffespark, og sjølv om han datt lett var det greitt. På det andre målet glei ballen forbi foten min, og diverre resulterte det i scoring. Begge var min feil, og det er sjølvsagt seigt, seier Hovland.

Raudt kort

Eitt minutt før full tid fekk Hovland marsjordre etter sitt andre gule kort for dagen. Kortet kom etter halding i trøya heilt oppe ved cornerflagget på Bryne sin banehalvdel.

– Det var frispark, men viss det der er gult kort skal det ikkje mykje til å koma i domaren si bok, seier Hovland.

Furebotn-scoring

Henrik Furebotn var attende i Sogndal si startoppstilling etter suspensjon sist, og feira returen med å scora sitt første mål for sesongen etter berre seks minutt av kampen.

Ulrik Flo tok eit tidleg kast på høgresida, årdølen kom på eit djupt løp frå midtbana, skar inn i feltet og klinte ballen i nettet frå spiss vinkel til 1–0. Same Furebotn var sentral i forkant av 2–0 scoringa, då han vann ballen høgt i bana og spelte Espen Olsen i gjennom åleine med keeper. Burvaktaren avverja, men på den påfølgjande corneren heada Hovland inn 2–0.

– Jævlig surt

Det var likevel ein skuffa Furebotn som møtte pressa etter kampen.

– Det er jævlig surt at me ikkje vann denne kampen. Me hadde full kontroll og køyrde kampen på 2–0, men klarte diverre ikkje å fullføra, seier Furebotn, som igjen etterlyser meir fandeninvolskhet hos medspelarane sine.

– Me må ønskja å vinna enda meir enn dette. Det vart for lite rørsle i laget i andre omgang, der folk stod for mykje i ro. Me må ta det ekstra løpet, slik at me får meir rørsle rundt ballføraren. Då trur eg scoringa ville kome til slutt, seier han.

Les fleire reaksjonar frå kampen i Sogn Avis torsdag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.