Sogndal Fotball prøvde måndag å henta Ruben Holsæter frå Førde, utan å lukkast. Det får dagleg leiar i klubben, Egil Mundal, til å reagera.
– Me var i Førde måndag, der me prøvde å få Ruben Holsæter speleklar frå i haust. Men me var ikkje i same land når det gjaldt det økonomiske, og dermed vart det ikkje noko av foreløpig. Det Førde kravde for Ruben er ikkje i takt med resten av marknaden i norsk fotball, og me var veldig langt i frå kvarandre, seier Mundal.
Kritisk
Mundal er kritisk til at førdianarane ikkje vil sleppa stortalentet sitt til den opprykksjagande 1. divisjonsklubben.
– Eg tykkjer ikkje Førde bør legga hindringar for at Holsæter skal få prøva seg på eit høgare nivå. For meg er det merkeleg at det er viktigare for klubben å overleva i 2. divisjon enn å lata ein av sine eigne prøva seg som proffspelar.
– Men Holsæter er amatørspelar, kan ikkje då Sogndal henta han uavhengig av kva Førde seier?
– Det er sant, viss me ville kunne me tilbydd Ruben proffkontrakt direkte, og betalt Førde utdanningskompensasjon i høve fotballforbundet sine reglar. Men me ønskjer ikkje å gjera ting på denne måten, då me vil ha eit godt samarbeid med dei andre klubbane i fylket. Me er gjensidig avhengige av kvarandre, og hadde dermed eit håp om å få til ei løysing med Førde. Men det har me ikke lukkast med, seier Mundal.
Kan glippa
Midtbanespelaren Holsæter har levert ein meget god sesong i Førde-drakta, noko som har resultert i interesse frå fleire klubbar enn Sogndal. Søndag var representantar for Brann til stades då 19-åringen scora sigersmålet i 2–1 sigeren over Fana i Bergen.
Mundal stadfestar at Holsæter kan glippa for Sogndal viss større klubbar kjem på bana.
– Me tapar kampen om Ruben viss klubbar med store økonomiske musklar kjem dundrande inn. Me kan ikkje gå på akkord med vår eigen overgangsfilosofi sjølv om me ønskjer oss ein spelar, seier den daglege leiaren.
– Så kva skjer no?
– Styret skal vurdera korleis me skal handtera dette vidare. Me ønskjer framleis å knyta til oss Ruben, men det er samstundes viktig for oss at det vert gjort gjennom gode løysingar, seier Mundal.
Ordknapp
Styreleiar i Førde Fotball, Rasmus Værn, er ordknapp då Sogn Avis er på tråden angåande Sogndal sin interesse for klubben sitt største talent.
– Sogndal var her på måndag ja, men me vart ikkje einige. Me skal drøfta dette internt og jobbar kontinuerlig med saken, og ønskjer ikkje å kommentera noko meir rundt dette før me veit meir, seier Værn.
Nye kommentarar