...
NYTT TAP: Håvard Flo og Sogndal tapte 0?1 mot Tromsdalen søndag. ? Utruleg skuffande, seier han. Foto: Wantana Tierney

Håvard Flo: – Det er tungt

Etter 0–1 tap mot Tromsdalen legg ikkje Håvard Flo skjul på at det er tøft å vera Sogndal-spelar for tida.

Endre Romøren E-post
Publisert 22.08.2010 kl 21:03 Oppdatert 22.08.2010 kl 21:03

Tips ein venn på e-post:


– Me er berre menneske som alle andre, så det er klart at alle desse smellane me får gjer noko med oss. Me vert påverka av det, seier Flo etter Sogndal sitt tredje tap på rad.

Sein scoring

Kampen sin einaste scoring kom tre minutt før kampuret viste full tid. Heimelaget kom til avslutning frå 17 meter, men det første forsøket vart blokkert av Sogndal-forsvaret.

Returen enda opp hos Bjørn Strøm, som skaut ballen via Ahyee Aye Elvis og i mål bak Piotr Leciejewski.

Flo-bom

Det skjedde særs lite før pause på Tromsdalen Stadion, der Håvard Flo hadde den einaste store sjansen i løpet av dei første 45 minuttane. Den var til gjengjeld stor:

Ulrik Flo slo inn frå venstre til Espen Olsen på bakre hjørna av femmeteren, som heada ballen attende til spissmakkeren sin på motsett stolpe. 40-åringen prøvde å saksesparka ballen i nettet, men heimelaget sin keeper Morten Bredahl Thorsen fekk ein kroppsdel på lærkula slik at ballen gjekk like utanfor.

– Ballen kom litt høgt på meg, så eg måtte saksesparka for å få skotet av garde. Ballen trefte keeperen under armen og gjekk like utanfor. Det var ein fantastisk redning, og marginar i mot for oss, seier Flo.

– Årsverste

Sogndal sleit med å få spelet til å gli på kunstgraset i nord, der første omgang var prega av lågt tempo og dårleg presisjon på oppspela.

Kampen var mykje oppstykka, då ingen av laga lukkast med å halda ballen lenge nok i laget til å skapa farlegheitar føre kvarandre sine målvakter.

– Dette er det dårlegaste me har prestert spelemessig denne sesongen. Det overraskar meg at me var så svake, då eg trudde me hadde meir å by på. Dette kan me ikkje vera bekjent av, seier trenar Harald Aabrekk etter tapet mot laget som låg på sisteplass i 1. divisjon før den 18. serierunden.

– Utruleg skuffa

Sogndal heva seg noko etter pause, og skapte få, men store sjansar. Først skaut Håvard Flo rett på keeper frå 13 meter etter 53 minutt, før Ulrik Flo trefte tverrliggjaren på eit skot frå 17 meter då éin time var spelt.

– Me ofra nok litt mykje framover utover i omgangen, slik at det opna seg eit stort mellomrom på bana. Det me presterte i dag var svakt, og me var ikkje homogene nok som lag. Det vart for mykje éin og éin, der lagdelane ikkje jobba godt nok saman. Me er nøydd til å vera meir kollektive enn dette, og har ein lang veg opp til å prestera på akseptabelt nivå. Eg er utruleg skuffa akkurat no, seier Flo.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.