...
FRISPARK: Ørjan Hopen scora eit vakkert frisparkmål då Sogndal 2 slo Stryn 3?2 måndag.

Sogndal 2 sin andre strake

Sogndal 2 tok sin andre strake siger då dei slo Stryn 3–2 på Fosshaugane Campus måndag.

Endre Romøren E-post
Publisert 16.08.2010 kl 22:05 Oppdatert 16.08.2010 kl 22:05

Tips ein venn på e-post:


– Dette var viktig, og ikkje minst veldig gøy. Folk sto verkeleg på i dag, og me fortente å vinna kampen, seier Tommy Øren etter oppgjeret.

Han var ein av heile ni spelarar frå a-stallen som var med frå start i møtet med laget som er nummer tre på tabellen i 3. divisjon.

Tidleg baklengs

Stryn tok leiinga allereie etter åtte minutt, då Christian Holko sprang i gjennom eit uoppmerksomt Sogndal-forsvar og sikkert scora åleine med keeper.

Ti minutt seinare fiksa Joakim Rudolfsen 1–1, då han stanga eit frispark frå Thomas Ness i nettet frå straffemerket. Sogndal hadde fleire store sjansar til å ta leiinga etter dette, mellom anna bomma Rudolfsen på ope mål frå seks meter etter 26 minutt.

Like etter sørgde tidlegare Sogndal-spelar Mathias Eikenes for 1–2, då heimelaget sitt forsvar igjen ikkje hang med på notane, slik at spissen fekk koma åleine med målmann Joe Bendik.

Hopen-perle

Tre minutt etter kvilen scora Ørjan Hopen kveldens vakraste, då han skrudde eit frispark frå 18 meter direkte i venstre kryss.

I kampens 63. minutt fekk Sogndal straffespark, då Øren gjekk i bakken etter ein dytt inne i 16-meteren. Stryn-spelarane protesterte stort på domar Inge Seglem si avgjersle, men årdølen var urokkeleg.

Rudolfsen var sikker frå kritmerket, og sette inn 3–2.

Rydda unna

Mot slutten pressa Stryn på i jakten på utlikninga, men no hadde Vegar Gjermundstad og Gustav Valsvik fått orden på forsvarsspelet, og rydda unna alt bortelaget prøvde seg på.

– Me slapp inn to litt enkle mål før pause, men fekk orden på forsvarsspelet etter pause, då me kontrollerte det meste av kampen, seier trenar Daniel Lubieniecki.

– Når me har med spelarar frå a-laget kombinert saman med våre eigne unge er me gode, og dette ser bra ut framover, seier polakken.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.