Henrik Furebotn var langt nede etter at Sogndal fekk cupdraumen knust med 1–3 mot Follo søndag.
– Dette er direkte pinleg. Me pissa på Follo den første halvtimen, og kunne fort ha scora meir enn det eine målet me fekk. Etter dette verka det som om alle trudde resten av kampen skulle gå av seg sjølv, og då gjekk ting rett i dass, seier ein særs skuffa Henrik Furebotn like etter kampen.
– Dette kan vera den einaste gongen i livet me får sjansen til å spela om semifinale, også går me ut på bana og spelar smågutefotball. Det er faen meg flaut, seier midtbanespelaren.
Rakna
Sogndal opna kampen i stort tempo, og hadde fleire store sjansar til å scora før Espen Olsen heada inn 1–0 i det 15. minutt.
Men utover i omgangen kom heimelaget meir til sin rett, og hadde nokre gode forsøk som gjekk til side for mål. Etter pause sleit Sogndal stort med å koma seg over midtbana, og gjekk lange periodar utan å ha tre trekk innanfor laget.
Utlikninga kom etter 66 minutt, då ein sleivete Barry Kader-klarering enda opp hos Jens Kristian Skogmo som sette ballen i nettet frå 22 meter. Berre minuttar seinare fekk Eirik Markegård stå åleine på bakre stolpe og banka inn 2–1, før same mann punkterte kampen på overtid.
– Tom
– Eg er forferdeleg skuffa, og har vanskeleg for å setta ord på det som skjedde. Me spelar ein elendig andre omgang, der innsatsen var totalt fråverande. Før pause var me gode med mykje rørsle og innsats, etter kvilen trur eg ikkje me vann ein einaste andreball, seier kaptein Lars Grorud.
– Me skal springa til krampa tek oss i ein slik kamp, men var ikkje i nærleiken av å gjera det som krevst. Eg er skuffa både over meg sjølv og over lagkameratane mine, og no må me gå i oss sjølv, seier han.
Les meir om kampen i Sogn Avis måndag.
Nye kommentarar