To syklistar kryssa mållinja på same tid i det 430 kilometer lange sykkelrittet.
Mikael Johansen frå Bergen CK og Jan Ove Standal frå Aalesund CK var dei to første i mål, då dei brukte om lag 13 timar og 15 minutt på rittet som startar i Lærdal og går via Filefjell, Fagernes, Lom og Luster før målgang i Sogndal sentrum.
Tøffe tilhøve
Sterk vind gjorde rittet til ein enda tøffare utfordring enn vanleg for syklistane.
– På Sognefjellet var vinden så sterk at me nesten sto i ro, og eg vert ikkje overraska om nokre må gå av sykkelen oppå der. Dette var den hardaste Jotunheimen Rundt eg har opplevd, seier Johansen, som deltok for tredje gong.
– Det var eit hektisk ritt, då køyringa i feltet var dårleg organisert. Av 50 skylistar var det berre tre-fire som jobba der framme, då seier det seg sjølv at det vert tungt, seier Standal.
Pågår no
Rittet pågår no, og syklistar er venta å koma i mål utover heile formiddagen og ettermiddagen. 369 starta Jotunheimen Rundt, medan førebels 170 er påmelde til vetlebroren Lille Jotunheimen, som startar seinare i dag.
Nye kommentarar