...
KLARE: Christian Frøyd, Jøril Hovland og Karl Helge Albretsen i arrangørgruppa tek i mot den internasjonel O-familien. Foto: Ole Kristian Åset

Ventar tusen O-løparar

Klare for storinnrykk til Nordvestgaloppen.

Ole Kristian Åset E-post
Publisert 30.06.2010 kl 22:19 Oppdatert 01.07.2010 kl 13:59

Tips ein venn på e-post:


Rundt 1.000 orienteringsløparar frå over 15 forskjellige land kjem til Sogn for å delta i Nordvestgaloppen om to veker.

Orienteringsgruppa i Sogndal IL hadde i går fått 830 påmelde løparar til Fjord-O Nordvestgaloppen, og med dei som kjem i siste liten, reknar klubben med å ha 1.000 løparar på startstreken. Når familie og hjelparar kjem i tillegg, ventar dei at rundt 1.500 personar vil vitja Sogndal medan konkurransane går føre seg frå 14. til 18. juli.

Gler seg

– No gler me oss masse til å koma i gang, og eg er glad for at me er blitt så godt mottekne i orienteringsmiljøet, både i Noreg og internasjonalt. Det er ikkje tvil om at o-løping i fantastisk fjordnatur trekkjer folk, og spesielt dei to løpa på Haukåsen har vore ettertrakta, seier Karl Helge Albretsen i arrangørkomiteen.

VM-oppkøyring

Christian Frøyd peikar på at konkurransane i Sogn går føre seg berre tre veker før VM i orientering startar i Trondheim, og difor vil mange av toppløparane ta konkurransane i Sogn som ein viktig oppkøyring før VM.

Les meir om det store arrangementet i Sogn Avis torsdag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.