...
PÅ TOPP: Øyvind Heiberg Sundby vann som han ville, han nådde Molden nesten ti minuttar under timen. Foto: Terje Eggum

Suverene Øyvind

Øyvind Heiberg Sundby (26) frå Tjalve, men sogning så god som nokon, vart mykje aleine i den nesten sju kilometer lange løypa frå Marifjøra til Molden.

Terje Eggum E-post
Publisert 20.06.2010 kl 10:31 Oppdatert 20.06.2010 kl 12:29

Tips ein venn på e-post:


Han fullførte på 50.23, med god margin til Asbjørn Berland frå Samnanger, 53.02.

Under timen

I dameklassen kom May Britt Buer, Gular, først inn, på 59.05, fylgd av Merete Helgheim, Gloppen, på 59.58. Desse var dei to einaste damene under timen. Åtte menn var i mål på Molden innanfor 1 time, forutan dei to nemnde, var desse: Rune Opem (53.50), Jann Olav Tjønneland (55.39), Kjell Mundal (57.03), Lars Jacob Nitter (58.24), Svein Arne Haugen og Arvid Brudevoll, båe 58.56.

Feststemning

Det var 750 menneske i den bratte løypa frå Marifjøra til Molden laurdag, av dei tevla 130 på tid. Marifjøra var ei god, gamaldags feststemning heile laurdagen, omkring eitt tusen menneske koste seg i den varme sommarsola.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.