Snart får dei sør - afrikanske vuvuzelaene konkurranse frå Sogn.
| Publisert 16.06.2010 kl 11:18 Oppdatert 16.06.2010 kl 11:19 |
8. juli set nemleg jostedølene Gaute Grov (17) og Bjørnar Bjørhusdal (37) seg på flyet til Johannesburg i Sør-Afrika. Målet: VM-finalen i fotball tre dagar seinare.
Og med seg har karane sjølvsaga «støy» i form av Jostedals svar på vuvuzela, dobbelblokkfløyte og neverlur.
– Eg trudde vel ikkje heilt på det då eg fekk melding om at eg hadde vunne, seier Grov, som vann to finalebillettar, flytur frå Sogndal via Oslo og London til Johannesburg og opphald på hotell i fire dagar via det nettbaserte speleselskapet Nordicbet.
– Eg driv ein del med fotballtipping på Nordicbet, men bestemte meg for å prøva casinoet deira ein dag. Den dagen var det slik at alle som spelte vart med i trekninga av ein tur for to til VM-finalen. 3. juni fekk eg beskjed om at eg var den heldige, smiler Grov.
Dermed måtte Grov raskt bestemma seg for kven han ville han med som reisefølgje på turen. 17-åringen går andreåret på idrettslinja på Sogndal Vidaregåande Skule, og hadde ikkje overraskande nok av kompisar som ønskja seg den andre billetten. Men valet enda til slutt på fetteren Bjørnar Bjørhusdal.
– Han vart utplukka av sikkerheitsmessige årsaker, for å sei det på den måten. Sør-Afrika er ikkje det tryggaste i landet å reisa til, og då er det fint å ha med seg ein som er litt eldre og større og sterkare enn meg, seier Grov.
Les meir i papirutgåva i dag.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar