Mohamed Sesay (20) er attende i heimlandet Sierra Leone, og kan no søkja om arbeidsløyve slik at han vert klar til haustsesongen.
– Mohamed er hjå familien sin i Freetown og trenar med sin tidlegare klubb. No ventar me på å senda søknad om arbeidsløyve, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling.
Sesay kom til Sogndal før denne sesongen, men fekk endeleg avslag på asylsøknaden sin i februar og har sidan det venta på å bli sendt ut av landet.
Håpar på 1. august
Sesay og Sogndal må søkja om arbeidsløyve for idrettsutøvarar, noko som kan ta nokre månader å få godkjend, i følgje kommunikasjonsrådgjevar i Utlendingsdirektoratet (UDI), Karianne Kvarving.
– For at ein spelar utanfor EU skal få arbeidsløyve treng me mellom anna ein uttale frå Norges Fotballforbund der det blir dokumentert at spelaren er ei forsterking for klubben. Han vil då få løyve i eitt år, der han må spela minimum 50 prosent av kampane for at denne skal bli forlenga. I tillegg er det ein del krav rundt kontrakt og løn som må vera på plass, seier Kvarving.
– Eg er optimist og håpar at han vert speleklar til 1. august, seier Fylling.
Nye kommentarar