...
HØYRDE ETTER: Ann Kristin Flatland kjem med gode tips medan Vik-rekruttane er lydige tilhøyrarar.

Stør lokale talent

Ann Kristin Flatland gjev 20.000 kroner frå eiga lomme til skiskyttargruppa i Vik.

Publisert 25.05.2010 kl 18:58 Oppdatert 25.05.2010 kl 18:58

Tips ein venn på e-post:


– Dette er kjempeflott. Pengane kjem til å gå til opplegget rundt rekruttane i gruppa vår, seier trenar for skiskyttarane i Vik IL, Svein Inge Wold.

Trente saman

Flatland var heime på ferie i pinsehelga, og gjennomførte to treningssamlingar saman med dei lokale talenta fredag og laurdag.

– Ho var ansvarleg for programmet på treningane, som mellom anna inneheldt kondisjonstrening, øving i rulleskiteknikk, opplæring i grunnleggjande skyte- og liggjeteknikkar, i tillegg til diverse skyte- og løpskonkur-ransar, seier Wold.

15 rekruttar i alderen 13 til 16 år var med på samlinga med landets nest beste kvinnelege skiskyttar, som gjennomførte sin beste sesong nokosinne dette året.

– Motiverande

Wold undervurderer ikkje verdien av å bruka ein ressurs som Flatland i arbeidet med dei lokale utøvarane.

Det er veldig motiverande for dei å få trena saman med og læra av Ann Kristin. Ho sit inne med mykje kunnskap, og har mange gode tips å koma med. I tillegg er ho utruleg flink med ungane, seier han.

Flatland kjem attende til Vik på sommarferie i juni, då Wold og kompani planlegg å arrangera eit liknande opplegg.

Trenar meir

Skiskyttarane i Vik plar ha treningsfri om våren og sommaren, men endrar på dette denne sesongen.

– Me byrjar sesongen allereie no, med éi fellesøkt i veka. Dei fleste er aktive innan fotball og handball, difor har me lagt denne økta til søndagar. Me ønskjer å skapa eit godt lag som har det kjekt saman, og tykkjer dermed det er positivt å koma i gong så tidleg som mogleg, seier Wold.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.