...
LØPSTALENT: 14-årige Martine Wolff Nesse sytte for ung heimesiger Foto: Renate Sæle

Superhelg for Martine (14)

Vann Esefjorden Rundt dagen før eigen konfirmasjon.

Renate Sæle E-post
Publisert 02.05.2010 kl 08:56 Oppdatert 02.05.2010 kl 08:56

Tips ein venn på e-post:

Esefjorden Rundt 2010

...

942 tok turen rundt fjorden- det er ny rekord.

Sjå bilete

–Eg visste ikkje at eg vart beste dame før pappa sa det då eg kom i mål. Eg fekk litt sjokk, seier Martine Wolff Nesse etter den uventa sigeren.

Yngste vinnar

14-år gamle Martine Wolff Nesse frå Balestrand er truleg yngste vinnar i dameklassen i heile Esefjorden Rundt si 31 år gamle historie.

Ho sprang inn til tida 36.31 på det 8,5 kilometer lange løpet 1. mai. Det var nesten eitt minutt raskare enn andreplassen, Anne Kårstad Skaar frå Førde.

Fotballspelar

Martine er eigentleg fotballspelar og tok det heile som ei treningsøkt.

–Eg spelar for det meste fotball med jentelaget og gutane og pleier ikkje trena nokon særleg på asfalt.

1.mai- helga har også andre store høgdepunkt for Martine. I dag har ho konfirmasjonsdag i Tjugum Kyrkje.

Ser fram til konfirmasjon

–Kva vert høgdepunktet i helga då?

–Eg har gledd meg veldig til konfirmasjonen også. Me skal feira med familien, seier Martine, som ikkje trur ho får nye løpssko i gåve.

240 nye deltakarar

Løpsleiar Nils-Magnar Feten meiner at Martine må vera yngste vinnar av løpet. Og konfirmasjonshelg gir også oppsving for deltakartalet.

–Me har 240 nyregistreringar og det har nok samanheng med at det er konfirmasjonshelg, seier Feten. I år deltok 942 personar i Esefjorden Rundt, det er ny rekord.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.