Målfest for Øystein

Øystein Heggestad (28) vart matchvinnar då Veitastrond valsa over Nord Hordaland og skapte målfest i Sognahallen.

Publisert 21.03.2010 kl 16:57 Oppdatert 21.03.2010 kl 16:57

Tips ein venn på e-post:

...
Øystein Heggestad vart matchvinnar då Veitastrond varta opp med målfest. Resultatet vart heile 11-4. (Foto: Richard Nest/veitastrond.com)

Gjennom heile første omgang herja Kurt Heggestad og Frode Kvam stygt med dei unge motstandarane og skåra høvesvis tre og fire mål kvar. Også Kim Andre Navarsete melde seg på før pause, der stilling ved pause 8-1.

- Litt uvand å spela ein kamp der me er så totalt overlegne, men nyttig å få ei slik gjennomkøyring og sjå at det offensive spelet vårt fungerer, konstaterer klubben på sine heimesider.

Flott frispark

Navarsete skåra igjen i andre omgang, det same gjorde Kurt Heggestad, men det var Øystein Heggestad som vart dagens mann i Sognehallen. Heggestad kom inn mot slutten og skapte elleville jubelscener då han vart matchvinnar med det som var hans første offisielle spelemål for Veitastrond.

- Me fekk eit frispark like utanfor 16-meteren som Kurt slo skrått innover, og på om lag 14 meter stod Øystein, som dempa og la ballen i ein herleg boge over keeper og ned i lengste hjørna.
Eit nydeleg mål som skapte ein magisk augneblink for dei alt, alt for få som fekk det med seg. Folka på benken til Nord Hordaland var med og applauderte saman med alle i hallen, det var fantastisk, seier ein særs godt nøgd trenar Emil Heggestad.

- Vil bli hugsa

Dette var Øystein sitt første offisielle spelemål for Veitastrond. 28-åringen, som vart utsett for ei alvorleg trafikkulukke i 1992, stod elles bokført med ei straffeskåring mot Hafslo frå tidlegare.

- Dette var eigentleg ein ubetydeleg treningskamp, men takka vera Øystein si skåring vart det ein kveld me kjem til å hugsa lenge. Når Øystein skårar mål betyr det litt meir enn det meste anna me driv me innanfor fotballen, så me gler oss stort på hans vegne, konkluderer veitastrond.com


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.