Jotun leika seg med Bergen HK og vann heile 50-18 i Årdalshallen laurdag.
Det vart aldri spennande då Jotun tok imot Bergen på heimebane laurdag. Årdølene leia heile 6-0 etter seks minutt, og gjekk til pause med ei solid leiing 25-10.
Lett match
I den andre omgangen heldt Jotun fram med å suse ifrå botnlaget frå Bergen, og Heida Arsenault toppa det heile ved å setje inn heimelagets 50. mål i sluttsekunda. Trenar Øyvind Indrebø er svært nøgd med innsatsen til laget: – Me var klare favorittar før kampen, og me såg tidleg at dette var ein kamp me kom til å vinna. Før kampen hadde me ein avtale om å halde trøkket og konsentrasjonen ut kampen, noko me greidde bra.
Finale
Like enkelt vil det truleg ikkje bli neste laurdag. Då vert det seriefinale mot Stord i Årdalshallen, der Jotun minst må spela uavgjort for å kvalifisera seg til kvalikspel til 1.divisjon.
Les meir om kampen i papirutgåva måndag.
Nye kommentarar