Jotun er ny serieleiar i 2. divisjon etter siger 38–28 mot Fana heime i Årdalshallen torsdag.
– Dette var moro. Fana var gode, men me var hakket betre enn dei heile vegen. Forsvaret var bra, og me fekk til fine kombinasjonar i angrep, seier Vita Mukhina etter kampen.
Ho vart Jotun sin toppscorar med åtte fulltreffarar, der brorparten kom etter pause.
– Skota sat som dei skulle idag. Eg spelte ikkje i forsvar, og kunne dermed bruka alle kreftene mine i angrep. Det fungerte bra, seier den ukrainske bakspelaren.
Jamn start
Laga følgde kvarandre tett i byrjinga av kampen, før Jotun drog ifrå midtveges i første omgang. Nokre minuttar før pause leia grøntrøyene 16–10, men men fekk leiinga redusert til 17–14 etter slurv mot slutten.
Fana var inne i kampen for fullt like etter kvilen på stillinga 19–18, før Jotun sette inn eit ekstra gir og avgjorde kampen.
Kata, Vita og Kvam
Anført av Katalin Zamolyi, Mukhina og Lene Kvam gjekk serieleiaren opp i 28–21 etter 46 minutt, og såg seg aldri tilbake. Zamolyi var sikker frå sin strekposisjon, Mukhina dunka inn skota frå distanse, medan Kvam var dødelig effektiv på høgresida.
Fana kom aldri nærmare, og til slutt var sigersmargina solide ti mål.
– Dette er nok ikkje den beste kampen me har spelt denne sesongen, men me var gode då det gjaldt som mest. Me fekk orden på forsvaret etter pause, slutta å gjer tekniske feil, og satte sjansane våre. Me visste at dette var ein kamp me måtte vinna, so det er deilig at me klarte det, seier kantspelar Kvam.
På topp
Dermed toppar Jotun tabellen i 2. divisjon når to serierundar gjenstår. Med siger mot det suverene botnlaget Bergen HK på laurdag vil det bli ein rein opprykksfinale heime mot Stord siste helga i mars. Jotun er betre enn Stord på innbyrdes oppgjer, og vil soleis vinna divisjonen også med uavgjort i den siste kampen.
Nye kommentarar