...
SIKRA SEG NY KEEPER: Nils Tore Krosshaug og Årdal FK har sikra seg den islandske keeperen Trausti Sigurbjørnson (20). Foto: Arkiv

Ny keeper klar for Årdal FK

Trausti Sigurbjørnsson (20) frå Island er klubben sin nye sisteskanse.

Endre Romøren E-post
Publisert 18.03.2010 kl 14:13 Oppdatert 18.03.2010 kl 14:14

Tips ein venn på e-post:


Sigurbjørnsson var på prøvespel hos årdølene i januar, og imponerte trenar Nils Tore Krosshaug so mykje at overgangen no vert permanent.

– Han gjorde eit veldig godt inntrykk. Trausi er god i feltet, flink éin mot éin, og er ein veldig høyrbar keeper som kommanderer forsvaret på ein god måte. Me er nøgde med at han er klar for oss, seier Krosshaug.

Har landskampar

Sigurbjørnsson har spelt fleire aldersbestemte landskampar for Island, seinast på U19-landslaget. No skal han kjempa med talentet Stian Karlsen om rolla som førstekeeper for raudtrøyene.

– Stian har gjort ein god vintersesong for oss, og er vår førstekeeper per no. Me har berre hatt éin keeper i stallen sidan nyttår, so det var viktig for klubben å få dette i orden, seier Krosshaug.

Sigurbjørnsson er heime på Island for å pakka flyttelasset, og er venta å koma til Årdal på laurdag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.