...
OPPRYKKSFINALE: Sogndal sine handballdamer møter Dale til rein opprykksfinale i Sogndal Idrettshall laurdag. Frå venstre: Trenar Sølvi Skartun (24), Malin Hovden (20), Trude Navarsete (17), Marte Broch Hauge (20) og Line Ryssmo (22).

Rykkjer opp med siger

Sogndal sine handballdamer rykkjer opp til 3. divisjon viss dei slår Dale på heimebane laurdag.

Publisert 17.03.2010 kl 18:07 Oppdatert 17.03.2010 kl 18:07

Tips ein venn på e-post:


Dale toppar tabellen med 16 poeng, medan Sogndal følgjer like bak med 15.

– Me er veldig nervøse. Me har vore særs nære å rykkja opp dei to siste sesongane, utan å lukkast. Me kjenner oss veldig klare for prøva oss på eit høgare nivå no, seier trenar Sølvi Skartun (24).

Suverene

Sogndal, som har ei blanding av lokale spelarar og studentar i spelarstallen sin, har saman med Dale vore suverene i årets 4. divisjon. Dei gjekk ubesigra gjennom del éin av seriespelet, medan det berre har vorte eitt tap etter samanslåinga med Fjordane-divisjonen etter nyttår.

– Me er for gode for 4. divisjon, då me vinn dei fleste kampane med 10–15 mål. Det blir litt lite utfordrande for spelarane i lengda, difor ønskjer me å testa oss eitt hakk høgare oppe, seier Skartun.

– Om me skulle rykkja opp blir det spanande å sjå korleis me klarar oss, då det er stor forskjell på nivået mellom dei to divisjonane.

Ventar jamn kamp

Då Sogndal og Dale møttest i byrjinga av mars var kvittrøyene best, og sigra 28–24. Skartun ventar ein jamn kamp mot serieleiaren på laurdag.

– Me har begge vore suverene i kvar sin divisjon. Men dei har truleg fått betre matching enn oss, då nivået i fjordane er noko høgare enn her i Sogn. Nøkkelen til å slå dei er å stå godt i forsvar, samt å utnytta kondisjonen vår. Eg trur me er det best trente laget i divisjonen, då me har avgjort mange av kampane våre i dei siste 20 minuttane denne sesongen, seier ho.

– I tillegg må me sjølvsagt halda hovudet kaldt, og ikkje lata oss påverka av kor mykje dette betyr.

Viktig

Skartun meiner det vil vera viktig for klubben å ta steget opp til 3. divisjon.

– Eg trur det kan bety mykje, både for spelarane og interessa rundt laget. Spelarane som ønskjer å satsa vil sjå at dette er ein klubb det går an å utvikla seg i, og det vil bli enda meir attraktivt for publikum å koma og sjå på oss, seier ho.

– Eg vil oppmoda folk om å ta turen til Sogndal Idrettshall på laurdag, der me satsar på at det blir fulle tribunar.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.