...
TAP IGJEN: Ahyee Aye Elvis og Espen Olsen fortvilar etter 0?1 tapet mot Fredrikstad på La Manga fredag. Foto: Wantana Tierney

Nytt tap for Sogndal

Tapte ufjortjent 0–1 mot Fredrikstad på La Manga fredag.

Endre Romøren E-post
Publisert 12.03.2010 kl 18:55 Oppdatert 12.03.2010 kl 18:55

Tips ein venn på e-post:

Kampfakta:

  • Sogndal - Fredrikstad 0–1 (0–1)
  • 0–1 Matthias Andersson 39. min
  • Sogndal (4-4-2): Piotr Leciejewski (Joe Bendik frå 69.) - Mats Solheim, Even Hovland, Lars Grorud, Per Egil Flo - Ole Jørgen Halvorsen, Henrik Furebotn (Ørjan Hopen frå 61.), Ahyee Aye Elvis, Barry Kader - Espen Olsen, Ulrik Flo

Første omgang var tam frå kvittrøyene si side, som berre skapte ein halvsjanse ved Ulrik Flo etter 13 minutt, då spissen skaut utanfor frå skrå vinkel.

Fredrikstad scora sigersmålet etter 39 minutt, då Matthias Anderson vart spelt i gjennom, runda Piotr Leciejewski og chippa ballen i mål bak ein skliande Mats Solheim på streken.

– Idiotisk

– Det var eit idiotisk mål å sleppa inn. Me fekk eit enkelt brot i mot oss, eg måtte rykka litt opp i bana og dermed fekk pasninga gå i mellom meg og Lars. Det var heilt unødvendig å liggja under til pause, seier Even Hovland etter kampen.

Tok over

Andre omgang opna igjen ganske tamt, før Sogndal tok fullstendig over den siste halvtimen. Etter 56 minutt heada Espen Olsen like over frå seks meter, etter at Kader slo tunnel på Fredrikstad sin høgreback Amin Askar og serverte eit godt innlegg.

Anført av Kader og dei to Flo-ane Ulrik og Per Egil pressa Sogndal divisjonsfavoritten bakpå gjennom heile omgangen, og fortente å få ei scoring.

Store sjansar

Ballen gjekk i lengderetning på éin og to touch, og spelarane hadde fleire fine kombinasjonar seg i mellom. Med eit kvarter igjen å spela heada Ahyee Aye Elvis lika utanfor etter hjørnespark, like etter heada Olsen over igjen etter glimrande førearbeid av Per Egil Flo, og på overtid var Elvis nære på med hovudet igjen, etter eit bra innlegg av Ulrik Flo.

– Synd i spelarane

Hovudtrenar Harald Aabrekk hadde sympati med spelarane sine etter kampen.

– Eg tykkjer synd i spelarane i dag. Me køyrde rundt med Fredrikstad i andre omgang, og var totalt sett det beste laget i kampen. Me var meir tydelege og distinkte i spelestilen enn før pause, me hadde stor variasjon i spelet, og hadde nok sjansar til å få ballen i mål, seier han.

– Første omgang derimot var ikkje god, og scoringa kom på ein juniorfeil. Slike ting må me klara å unngå framover.

Ikkje bekymra

Aabrekk er ikkje bekymra for laget sitt, til trass for to tap av to moglege under opphaldet på La Manga.

– Me skulle frykteleg gjerne hatt med oss eit godt resultat herifrå, men når eg ser på det spelemessige har eg stor tru på at dette skal verta bra framover.

– Ein må huska på at Fredrikstad er eit lag spekka med spelarar med eliteserieerfaring, og at både dei og Sarpsborg har spelt i lag i fleire år. Me er eit heilt nytt lag, men har likevel vore fullt på høgde, om ikkje betre, i desse to oppgjera, seier han.

Les meir om kampen i Sogn Avis laurdag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.