...
FRÅ START: Barry Kader er med i startoppstillinga når Sogndal møter Fredrikstad på La Manga fredag.

Kader startar mot Fredrikstad

Går rett inn på laget i treningskampen fredag.

Endre Romøren E-post
Publisert 11.03.2010 kl 18:35 Oppdatert 11.03.2010 kl 18:37

Tips ein venn på e-post:


Sogndal gjer to endringar i høve det laget som tapte 1–2 mot Sarpsborg måndag; Barry Kader erstattar Ørjan Hopen på venstrekanten, og Ulrik Flo kjem inn for Joakim Rudolfsen på topp.

I form

Kader har vist seg positivt fram på dei få treningane han har vore med laget på La Manga.

– Barry har vore veldig kvikk på trening, og verkar å vera i bra form. Me ønskjer å sjå han i aksjon før seriestart, og får ein god sjanse til det no, seier hovudtrenar Harald Aabrekk.

– Ulrik har hatt ein opptur her nede, som eg håpar han kan ta med seg inn i kampen mot Fredrikstad. Det er kjekt viss han får ut det potensialet me veit han sit inne med, seier Aabrekk.

Må få vekk feila

Eidaren er klar på kva som må til for å slå divisjonsfavoritten frå plankebyen.

– Me må luka vekk dei personlege feila. Begge baklengsmåla mot Sarpsborg kom som følgje av enkle personlege feil, det må me klara å unngå. Me er godt førebudd, og viss me klarar det har eg god tru på at kampen skal bikka i vår favør, seier han.

Justeringar

I tillegg til dei to spelarbyta vert det litt endring av taktikk i morgondagens kamp, som vert sparka i gong klokka 15.

– Me må prøva å vera meir kompakte i midtbaneleddet, slik at me kan bruka meir krefter offensivt. Mot Sarpsborg vart det ein del tunge returløp for midtbanespelarane, som gjekk utover den offensive slagkrafta. I tillegg må me prøva å gjera enklare val med ballen, seier Aabrekk.

Sogndal sitt lag mot Fredrikstad (4-4-2): Piotr Leciejewski - Mats Solheim, Even Hovland, Lars Grorud, Per Egil Flo - Ole Jørgen Halvorsen, Henrik Furebotn, Ahyee Aye Elvis, Barry Kader - Ulrik Flo, Espen Olsen


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.