NFF har no sett opp kvalifisering 1. runde NM herrer.
Laga frå fylket skal spela slik i kvalifisering til 1. runde NM herrer:
Vik–Flørø
Fjøra–Jølster
Eid–Tornado Måløy
Årdal–Stryn
Nordhordland–Høyang
Speledag er seinast 11. april, melder Sogn og Fjordane Fotballkrets.
Sogn og Fjordane har med elleve lag i årets NM. Ni av laga spelar kvalifisering til 1. runde NM, medan Sogndal og Førde kjem inn i den første ordinære runden og dermed slepp kvalifisering. I første ordinære runde får Sogndal og Førde bortekamp.
Speldag for 2. kvalifiseringsrunde NM herrer er sett til onsdag 21. april. Cupfinalen skal spelast 14. november.
Nye kommentarar