...
NO MED FLAGG: Endeleg skal Hege Bakken Wahlquist få debutera i landslagssamanheng. Det skjer truleg i løpet av påsken i samband med firenasjonarsturnering i Danmark. (Arkiv)

Debuterer på landslaget

Hege Bakken Wahlquist blir den første frå Jotun som spelar med flagget på brystet.

Publisert 09.03.2010 kl 19:12 Oppdatert 09.03.2010 kl 19:12

Tips ein venn på e-post:


I alle fall når det er snakk om handball på u19-nivå. Trass i at stortalentet Hege Bakken Wahlquist (17) har teke del på fleire treningssamlingar saman med ungdomslandslaget, har ho framleis til gode å spela ein offisiell kamp med flagget på brystet.

Første kamp

Det vert det truleg ei endring på no, for måndag kom meldinga om at Wahlquist er utteken til firenasjonarsturnering i Danmark i påsken.

– Eg er kjempeglad, sjølvsagt, spesielt fordi eg ikkje har vore med i kamp før. Dette gler eg meg verkeleg til, seier Hege, som er ein av to debutantar i troppen denne gongen.

I god form

Ho ser no fram til å feira påske i flatlandet, der troppen skal innkvarterast i Kolding på midt-Jylland. I tillegg til vertsnasjonen, stiller også Sverige og Frankrike i turneringa.

– Eg føler at forma er bra akkurat no. Har trent godt i det siste, slår Hege fast, på veg til Berlin saman med klassekameratane frå Årdal vidaregåande skule.

– No skal eg slappa godt av medan eg er her og vera klar til innsats når eg kjem heim, seier ho.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.