...
(Arkivfoto)

Skrinlegg ny tribune

– Årsmøtet har konstatert at klubben ikkje har moglegheit til å byggja ny tribune.

Keth Øren E-post
Publisert 09.03.2010 kl 15:17 Oppdatert 09.03.2010 kl 15:17

Tips ein venn på e-post:


Det seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal.

Sogndal Fotball hadde årsmøte onsdag og kom fram til at bygging av den nye tribuna blir skrinlagt. Utviklinga på området har vore kraftig, men no stoppar det for Sogndal Fotball sin del.

– Det er ekstremt beklageleg, og det er bittert å ikkje få det til, seier Mundal.

Årsaka til at tribunebygget på bjørkesida ikkje kan realiserast, er rett og slett at klubben ikkje har pengar til det. Tribuneanlegget kostar 15 millionar kroner, og i ein situasjon med stram økonomi har ikkje Sogndal høve til å ta dette løftet. Underskotet for 2009 vart 6,9 millionar kroner.

– Det har vore vårt største ønskje å få til tribunebygget. Men klubben har gjort sitt til å utvikla den samfunnsaktiviteten som føregår her, og me har avgrensa med midlar. Me kan ikkje setja heile klubben i fare på grunn av den siste brikka, seier Mundal.

Det er oppretta ei gruppe på Facebook der medlemmene seier seg villige til å donera ein 200-lapp for at Sogndal Fotball skal få finansiert den siste tribuna på Fosshaugane Campus. Gruppa nærmar seg 350 medlemmer.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.