...
TAP: Espen Olsen og Sogndal tapte 1?2 mot Sarpsborg på La Manga i dag. Foto: Wantana Tierney

Sogndal tapte mot Sarpsborg

Leia 1–0 til pause, men tapte 1–2 til slutt.

Endre Romøren E-post
Publisert 08.03.2010 kl 20:18 Oppdatert 08.03.2010 kl 20:48

Tips ein venn på e-post:

Kampfakta:

  • Sarpsborg - Sogndal 2–1 (0–1)
  • 0–1 Lars Grorud 12. min, 1–1 Tom-Erik Breive 54. min (str), 2–1 Øyvind Hoås 85. min
  • Sogndal (4-4-2): Piotr Leciejewski - Mats Solheim, Lars Grorud, Even Hovland, Per Egil Flo - Ole Jørgen Halvorsen, Henrik Furebotn, Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen (Gustav Valsvik frå 68.) - Espen Olsen, Joakim Rudolfsen (Ulrik Flo frå 46.)

– Me spelte ein ok 1. omgang, men slapp oss nedpå og var altfor dårlege etter pause. Me rota vekk ballen for mykje, og var ikkje i nærleiken av det nivået me skal vera på. Det er vanskeleg å sei kva som gjekk gale, men dette var veldig skuffande, oppsummerer Espen Olsen etter kampen.

Grorud-scoring

Sogndal tok leiinga ved Lars Grorud etter 12 minutt, då midtstopparen flikka ein corner frå Ørjan Hopen i mål.

Kvittrøyene var aggressive i spelestilen, og gav Sarpsborg lite tid med ballen i kampens første 45 minutt.

Få sjansar

Det var langt mellom målsjansane, men både Joakim Rudolfsen og Olsen hadde sjansen til å auka leiinga før pause.

Rudolfsen heada eit perfekt slått Hopen-frispark over frå åtte meter, medan Olsen heada like utanfor etter eit godt angrep der Even Hovland slo ein perfekt 40-meterspasning til Mats Solheim, som slo eit like perfekt innlegg på bakre stolpe.

Sarpsborg sin einaste sjanse i omgangen kom då ein corner gjekk over alle, traff Solheim på streken og trilla rett i armane på Piotr Leciejewski.

Utlikna på straffe

Sarpsborg tok kommandoen etter pause, og styrte spelet i jakten på ei utlikning. Ni minutt ut i omgangen fekk blåtrøyene straffespark, etter ein merkeleg situasjon i Sogndal sin 16-meter. Eit frispark vart slått inn, dommaren blåste og markerte frispark for Sogndal. Dei fleste spelarane rusla tilbake mot midtstreken, før mannen i svart plutseleg ombestemte seg og peika på straffemerket.

– Dommaren hjelpte dei innatt i kampen. Det var berre surr, seier Olsen om situasjonen.

– Eg veit ikkje heilt kva som skjedde, seier Lars Grorud som var i duell med Hoås i forkant av straffe-avgjersla.

Tom Erik Breive sette ballen sikkert i mål til 1-1.

Hoås avgjorde

Det skjedde lite i kampen etter dette, der Sogndal sleit med å få spelet til å gli som følgje av dårleg presisjon på pasningane. Den største sjansen kom ved Olsen etter 70 minutt, då spissen snappa ballen frå Sarpsborg-forsvaret og skaut utanfor frå 16-meter.

Fem minutt før slutt mista Grorud ballen på venstresida, Sarpsborg sette fart ned langs sida og slo eit perfekt innlegg som banas beste spelar Hoås stanga i nettet frå omlag ti meter.

– Ikkje godt nok

Harald Aabrekk hadde følgjande dom etter kampen:

– Basisen i spelet vårt var bra, då me var aggressive og vann ballen i gunstige posisjonar. Men me var for unøyaktige i avgjerande situasjonar, mista ballen for lett og ikkje gode nok på detaljane som avgjer fotballkampar. Der må me opp eit nivå til neste kamp, seier han.

– Sarpsborg skapte ikkje noko utanom scoringane sine, so det er litt tilfeldig kven som sigra i denne kampen. Men me må vera betre enn dette mot Fredrikstad på fredag, seier Aabrekk.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.