Sogndal trente to gonger på La Manga i dag, der reservemålvakt Joe Bendik sto for dagens scoring.
På formiddagsøkta vart det trent mykje på offensivt spelemønster, der ballen gjekk frå midtstoppar, ut på kanten og deretter inn i boksen igjen.
Trenar Harald Aabrekk var veldig tydeleg på kva han ville ha frå spelarane under denne øvinga, og stoppa fleire gonger spelet for å gje disipplane sine ein dose kjeft. Til slutt vart eidaren so engasjert at han måtte rusla seg ein tur ut i buskene for å roa seg ned.
Avslutta med spel
Treninga vart avslutta med ei speleøkt, der måndagens trulege startellevar spelte mot "resten". Startellevaren besto av Piotr Leciejewski, Mats Solheim, Even Hovland, Lars Grorud, Per Egil Flo, Ørjan Hopen, Henrik Furebotn, Ahyee Aye Elvis, Ole Jørgen Halvorsen, Espen Olsen og Joakim Rudolfsen.
"Resten" besto av resten av dei skadefrie spelarane, pluss Håvard Flo og Trond Fylling, som spelte sentral midtbane...
Trente forsvar
På ettermiddagsøkta fekk forsvaret testa seg, og gjorde jobben med bravur. Gustav Valsvik erstatta ein gnagsårplaga Even Hovland i den bakre firaren, som måtte forsvara seg mot seks mann.
Angrepsrekka prøvde seg om lag ti gonger, men fekk ikkje ballen i mål bak Grorud, Solheim, Flo og nemnte Valsvik.
Dagens Aabrekk
Harald Aabrekk var i storslag under begge treningane, og lot spelarane høyra det då dei ikkje gjorde jobben:
– Helvete heller, Ørjan, det må da gå an å huska ein millimeter! , skreik ein frustrert hovudtrenar då Ørjan Hopen ikkje var på nett under spelemønster-økta.
Dagens sitat
– Du må byrja å snakka engelsk til meg, då eg ikkje forstår kva du seier til meg. Du snakkar so jævlig funky, sa ein spørrande Joakim Rudolfsen frå Mo i Rana då sogndølen Gøran Wigum spørte når det var middag.
Dagens mål
Det var fleire om beinet i denne kåringa, men Joe Bendik sigra med eit fantastisk brassespark (!) på innlegg frå fysioterapeut Kim Are Jacobsen (!).
Andre kandidatar: Espen Olsen sin chipp på Leciejewski frå 20 meter under speløkta, og Terje Skjeldestad sitt vinkelen-og-inn skot på Bendik under målvakttrening.
Dagens høgdepunkt
Då Trond Fylling, ankeret på "resten"-laget si midtbana under speløkta, kjefta medspelarane sine huden full for å ikkje vera aggressive nok. Fylling sjølv holdt seg mest i midtsirkelen.
Andre kandidatar: Den avsluttande speløkta på dagens siste trening, der tre av "lag 2" sine utespelarar var Terje Skjeldestad, Joe Bendik og fysioterapeut Kim Are Jacobsen.
Les meir frå La Manga i Sogn Avis måndag.
Nye kommentarar