...
GJORDE GREP: Årdal FK-trenar Nils Tore Krosshaug gjorde grep i pausen og Årdal FK snudde 0-3 til 4-3 mot Stord.

Sterk snuoperasjon

Årdal snudde 0-3 til 4-3 mot andredivisjonslaget Stord.

Publisert 06.03.2010 kl 19:26 Oppdatert 06.03.2010 kl 22:52

Tips ein venn på e-post:


Årdal FK har leverte solide resultat i treningskampane, med sigeren mot storebror Sogndal som ein høgdare. I dag var 2. dvisjonslaget Stord motstandar i Sognahallen.

Gjesten gjekk til apuse med 3 - 0, leiing. Så starta Årdal opphentinga.

– Me har vunne treningskampane så langt, men ikkje alltid vore bra spelemessig. Slik var det også i dag, seier Årdal FK-trenar Nils Tore Krosshaug, og var ikkje nøgd med det disiplane viste før pause.

Natt og dag

Etter pause fekk årdølene spelet til å sitja langt betre.

– Andreomgangen er bra, seier Krosshaug, som gjorde viktige grep i pausen.

– Me la om litt, seier Krosshaug. Og det gav resultat. Dei siste 45 minuttane held Årdal tett bakover og scora fire gonger ved Preben Strypet, Daniel Eide, Tim Teigen og Christian Stedje.

– Å liggja under med tre til pause og snu kampen mot eit andredivisjonslag slik me gjer i dag viser mental styrke blant spelarane, seier Krosshaug.

Andre treningskampar:

Sogndal 2 - Løten 3 - 1 (fredag)

Fjøra - Stord 2 - 5 (fredag)

Fjøra - Dale 3 - 2 (laurdag)

Kaupanger - Løten 1 - 0 (laurdag)

Radøy - Vik 1 - 4 (laurdag)


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.