...
TIL TOPPS: Silje Storevik Moe frå Syril Telemark vart noregsmeister i fjelltelemark på heimebane i dag. Ronja Vangsnes fekk bronse.

Noregsmeister på heimebane

Tre av seks medaljar i seniorklassane gjekk til arrangørklubben.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Birthe Johanne F. Finstad
Publisert 06.03.2010 kl 18:01 Oppdatert 06.03.2010 kl 18:08

Tips ein venn på e-post:

...
NÆR KONGEPIOKALEN: Torgeir Sværen Henjum frå Syril Telemark køyrde ned til sølvplass, berre to sekundar frå siger og kongepokal.

– Det er jo stas å vinna på heimebane, veldig kjekt, seier Silje Storevik Moe frå Syril Telemark.

Ho gjekk heilt til topps under NM i fjelltelemark i Systrondfjelli i dag, og 23-åringen var godt nøgd med dagen.

– Det var kjekt å få NM hit, og det vart eit bra løp når det vart som det vart. Det var synd me ikkje kunne starta heilt på toppen, men det vart ei bra løype lell, slår den ferske noregsmeisteren fast.

På grunn av dårleg sikt på det planlagde startpunktet måtte nemleg starten på fjelltelemarkrennet flyttast lenger ned, men det la ikkje noko dempar på stemninga i mårområdet i Oreveitane. Og gullmedaljen til Storevik Moe var berre ein av tre medaljar arrangørklubben Syril Telemark stakk av med i seniorklassane. Ronja Vangsnes fekk bronse i kvinneklassen, og Torgeir Sværen Henjum vart nummer to i herreklassen. Han kom i mål to sekundar bak John-Ove Sinnes frå Sirdal Skilag, som dermed kunne reisa heim med ein kongepokal i bagasjen.

– Kor mykje ville du ha gitt for den kongepokalen?

– Hehe, eg skulle gitt alvorleg mykje for den kongepokalen. Eg veit om eit par småfeil eg gjorde oppi der, men veit ikkje dei kosta meg, seier Sværen Henjum, som likevel er godt nøgd med sølvmedaljen på heimebane.

Han køyrde med lånte ski og sko og har prøvd fleire skipar dei siste dagane.

– Dei eg enda opp med, hadde eg ikkje prøvd før i dag, men dei var veldig bra, fortel han og takkar Dagfinn Ylvisåker og Tore Frimannslund for lån av ski og sko.

Også i aldersbestemte klassar gjorde lokale løparar det skarpt i NM-løypa i dag. Olaug Grut Andersen frå Syril Telemark vann landsfinalen for jenter 12-13 år, medan Olav Henjum og Ole-Morten Søderholm, begge Syril, vart nummer ein og to i tilsvarande guteklasse.

I landsfinalen for jenter 14-15 år gjekk Sarah Fiskaa Haugen frå IL Bjørn/Luster Telemark til topps, medan Gunnhild Sofie Vangsnes kom på tredjeplass. I landsfinalen for gutar 14-15 år kom Håvard Lefdal Hove og Øyvind Vagstad frå Syril på høvesvis første- og andreplass.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.