Sogndal spelte 2–2 mot Lyn på Telenor Arena i Oslo fredag kveld.
Sogndal tok leiinga etter 20 minutt, då Lars Grorud stanga ein corner i nettet. Nokre minutt før pause utlikna Gøran ber der Burgt for Lyn på straffespark.
Same mann scora nok ein gong på straffespark i det 72. minutt, før Ahyee Aye Elvis utlikna ni minutt før slutt etter klabb og babb i Lyn sin 16-meter.
Laurdag reiser laget til La Manga, der dei skal spela treningskampar mot Sarpsborg måndag og Fredrikstad fredag.
Sogn Avis er på plass, og vil koma med fyldige referat og intervju frå Spania-opphaldet både i papir- og nettutgåva den neste veka.
Nye kommentarar