Sogndal har bestemt seg for å henta den senegalesiske spissen Moustapha Cisse (19).
– Me reknar med at det skal gå i orden. Me hentar han på lån i første omgang, med opsjon på kjøp, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling.
Målfarleg
– Moustapha er flink til å koma til målsjansar, og har vist i treningskampane at han kan scora mål. Han er ein ung gut som har mykje å læra, men me håpar at han på sikt kan verta god nok, seier Fylling.
Cisse har vore involvert i alle Sogndal sine sju treningskampar so langt, og notert seg for scoringar mot Førde, Haugesund, Årdal FK og Skarbøvik.
Ikkje kontrakt for Kvalheim
Samstundes er det klart at Erlend Nygård Kvalheim ikkje får kontrakt i denne omgang.
– Erlend slit med mykje skadar, og vert ikkje satsa på førebels. Men viss han held seg skadefri over tid og trenar seg opp att kan det verta aktuelt å henta han på eit seinare tidspunkt, seier Fylling.
Les meir i Sogn Avis onsdag.
Nye kommentarar