Då Sogndal tapte 0–1 mot Odd Grenland i Skien fredag.
Flo kom på bana fem minutt før slutt for den 20 år yngre prøvespelaren Moustapha Cisse (19), men klarte ikkje å berga uavgjort i kvittrøyene sin sjuande treningskamp for sesongen.
Magnus Lekven sette inn vinnarmålet like før Flo kom på bana, då han stanga ballen i nettet etter eit innlegg frå sida.
Stor sjanse
Sogndal fekk ein kjempesjanse til å ta leiinga tidleg i kampen då Cisse kom heilt åleine med keeper, men senegalesaren sette ballen utanfor mål.
Omgangen var jamnspelt, der heimelaget hadde ein liknande sjanse utan å scora. Etter kvilen tok Odd over mykje av kampen, og dominerte gjennom sin store styrke på dødballar.
– Ikkje ufortent
– Kampen sett under eitt var det ikkje ufortent at Odd sigra til slutt, då dei pressa oss bakpå etter pause. Det var litt synd at dei fekk scoringa, men dette var ein god og nyttig gjennomkøyring for oss, seier hovudtrenar Harald Aabrekk.
Bra tendensar
I kampen sine første 45 minuttar såg Aabrekk bra tendensar av laget sitt.
– Då fungerte spelemønsteret som det skal, både offensivt og defensivt. Me var distinkte og tydelege i måten å spela på, og såg bra ut, seier han.
– I andre omgang gjorde me ein del byter, og mista litt av strukturen vår. Men når me har fullt lag ser spelestilen vår ut til å fungera godt, og det er noko me kan byggja vidare på.
Nye kommentarar