Vann 6–0 i Sognehallen laurdag etter ei overbevisande førestilling.
– Folk har stilt litt spørsmålsteikn ved oss den siste tida, so det var deilig å gje svar på tiltale i dag. Me var veldig revansjesugne etter tre tap på rad, og det er sterkt å slå eit 2. divisjonslag 6–0, seier Ole Jørgen Halvorsen etter kampen.
Øren fiksa leiing
Sogndal tok leiinga etter 20 minutt, då Moustapha Cisse heada eit Lars Grorud-innlegg over til Tommy Øren på bakre stolpe, som dunka ballen i nettet frå om lag éin meter.
Kvittrøyene pressa på gjennom heile omgangen, og hadde fleire gode sjansar til å auka leiinga utan å lukkast.
Målshow
Etter pause vart det eit realt målshow inne i hallen. Etter 54 minutt breisida Ahyee Aye Elvis ballen i ope mål etter ein corner frå Ørjan Hopen til 2–0, før Cisse fiksa 3–0 frå fem meter ni minutt seinare etter strålande førearbeid av Tommy Øren på venstresida.
4–0 kom frå Halvorsen kort tid seinare, då han sklei eit innlegg frå Hopen i mål på nærmaste stolpe.
Gode innbytatar
Sogndal gjorde ein del byter i løpet av andre omgang, noko dei fekk god betaling for. Ulrik Flo satte inn 5–0 like etter han entra bana, før Erlend Nygård Kvalheim dunka ballen i mål frå 25 meter på overtid til 6–0.
Ole Jørgen Halvorsen, som var ein heimelaget sine beste spelarar i si offensive sentrale midtbanerolle, var nøgd med mykje etter kampen.
– Me spelte ein veldig god kamp. Det var bra rørsle i laget, me hadde bra variasjon i spelet vårt der me veksla mellom å spela kort og slå langt, og me fekk til mykje bra kombinasjonsspel. Spelestilen vår byrjar å sita no, og eg tykkjer me viste prov på store framsteg i dag, seier han.
Nye kommentarar